204472_not-searchable
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/inet/aar
204472
Veksten i faste private breiband held fram
statistikk
2015-02-24T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Svalbard
no
inet, Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå), breibandsabonnement, overføringskapasitet, overføringshastigheit, bedriftsmarknad, privatmarknadTeknologi og innovasjon, Informasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Teknologi og innovasjon, Svalbard
false
Statistikken viser hastighet og antall bredbåndsabonnement hos private og bedrifter. I 4. kvartal 2014 sank private bredbånd per 100 husholdninger kraftig i mange kommuner etter nye husholdningstall.

Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå)2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Veksten i faste private breiband held fram

Frå 3. til 4. kvartal 2014 var det ein ny auke med 15 000 faste private breiband. Auken i kvaliteten på faste breiband heldt også fram i 4. kvartal.

Faste breibandsabonnement
4. kvartal 20143. kvartal 20144. kvartal 20134. kvartal 2013 - 4. kvartal 2014
EndringEndring i prosent
Faste breiband i alt1 978 7571 964 0021 915 58463 1733,3
Private breiband
Talet på private breiband1 845 1451 830 3971 778 93366 2123,7
Private breiband per 100 hushald78,581,078,7-0,2-0,3
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s)28,326,718,49,953,8
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s)20,418,910,210,2100,0
Bedriftsbreiband
Talet på bedriftsbreiband133 612133 605136 651-3 039-2,2
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s)16,816,013,33,526,3
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s)7,77,15,52,240,0

Det var 1 845 000 private breibandsabonnement med faste tilgangar til Internett i Noreg, inkludert Svalbard, ved utgangen av 4. kvartal 2014. Samanlikna med 4. kvartal året før er det ein vekst på 66 000.

Auken i hastigheita for faste breiband held fram

I 4. kvartal 2014 gjekk den gjennomsnittlege hastigheita på private breiband opp frå 26,7 til 28,3 Mbit/s. Samstundes har medianverdien for hastigheita til private breiband stige frå 18,9 Mbit/s i 3. kvartal til 20,4 Mbit/s. I 4. kvartal 2013 var medianverdien 10,2 og den gjennomsnittlege hastigheita 18,4 Mbit/s.

I 4. kvartal 2014 hadde 31 prosent av dei private breibandsabonnementa ein hastigheit på over 32 Mbit/s. Tilsvarande del for bedriftsmarknaden var 11 prosent.

Den gjennomsnittlege hastigheita for bedriftsbreiband har sidan 3. kvartal 2014 stige frå 16,0 Mbit/s til 16,8 Mbit/s. Samstundes har medianverdien for bedriftsbreiband gått opp frå 7,1 til 7,7 Mbit/s.

Flest raske private breiband i Rogaland

I Fastlands-Noreg er det hushalda i Rogaland som har flest breiband med kapasitet over 32 Mbit/s. 58 prosent av alle private abonnement i fylket har ein så høg hastigheit. Finnmark med 5 prosent har den minste delen med private breiband på over 32 Mbit/s. Gjennomsnittshastigheita for private breiband er høgast i Rogaland, med 38,6 Mbit/s, medan Finnmark ligg lågast på lista med eit gjennomsnittstal på 14,6 Mbit/s.

Skilnadene mellom fylka er mykje mindre for bedriftsbreibanda. Delen med raske breiband over 32 Mbit/s varierer mellom 6 prosent i Finnmark og 18 prosent i Oslo. Gjennomsnittshastigheita for bedriftsbreiband er høgast i Oslo med 22,9 Mbit/s og lågast i Oppland med 11,9 Mbit/s.

Studenthushald gir lågare utbreiing av breiband

Tala for utbreiing av breiband i høve til hushald kan ikkje samanliknast direkte med tidlegare kvartal på grunn av omlegginga av måten studentar vert handsama på i hushaldstatistikken. For heile landet skuldast halve auken i talet på hushald at studentar no reknast som busette på studiestaden. Dette gjer eit utslag på om lag 1,5 prosentpoeng i talet for utbreiing av breiband. På landsbasis hadde 78,5 prosent av hushalda breiband i 4. kvartal 2014. Det er ein nedgang på 2,5 prosentpoeng frå kvartalet før. Samanlikna med 4. kvartal 2013 er det inga endring.

For alle studiestader, der talet på studentar er relativt høgt i høve til resten av folket, gjer dette store utslag i lågare tal for utbreiing av faste breiband. Dei kommunane der verknaden er størst er Nesna, Sogndal, Bø (i Telemark), Volda, Trondheim, Åmot, Ås og Lillehammer, frå 19 til 8 prosentpoeng nedgang. Andre kommunar som Stor-Elvdal, Tromsø, Bergen, Grimstad, Kristiansand, Oslo og Bodø har ein nedgang i talet for utbreiing av breiband på mellom 7 og 5 prosentpoeng på grunn av nye tal for hushald. Alle desse kommunane er studiestader, men fleire av dei har og ein stor auke i folketalet utanom omlegginga som gjeld studentar.

Oslo er fylket med flest breibandsabonnement i prosent av hushalda, med 86 prosent. På Svalbard er delen 93 prosent. Finnmark har stadig lågast privat utbreiing av breiband, med 67 prosent.

Ny definisjon av hushaldÅpne og lesLukk

Frå og med 4. kvartal 2014 reknast talet på hushald ut i frå tal per 1.1.2014. Dermed aukar talet på hushald totalt med folkeauken. For mange mindre distriktskommunar fører nedgang i folketalet til ein nedgang i talet på hushald.

I tillegg fører nye definisjonar av hushald til store endringar i einskilde kommunar. Ugifte studentar reknast no som busette på studiestaden. Om lag halvparten av auken i talet på hushald frå 2013 til 2014 skuldast denne omlegginga. Dermed vil kommunar som er typiske studiestader få ein markert auke i talet på hushald og ein tilsvarande nedgang i talet på private breiband per 100 hushald.

Studentar og breibandÅpne og lesLukk

Tal for kommunar med relativt mange studieplassar tyder på at mange studentar ikkje teiknar eigne abonnement på privat breiband, men får gratis tilgang til dette via studiestaden sitt nettverk, trådlaust eller via kabel. Desse kommunane vil derfor etter omlegginga av definisjonen av hushald, komme dårlegare ut enn kommunar med same nivå på utbygging av breiband, sidan studentane utgjer ein rekkje hushald utan eigne breibands-abonnement.

Ei endring i rapportering av breiband for studentar i Nesna kommune gjer at denne kommunen har ein ekstra stor reduksjon i talet på private abonnement i 4. kvartal 2014.