21778_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kolltrans/arkiv
21778
Nesten uendra kollektivtransport
statistikk
2007-03-16T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Transport og reiseliv
no
kolltrans, Kollektivtransport, buss, båt, jernbane, tog, trikk, t-bane, passasjerer, passasjerkilometer, vognkilometer, utkjørt distanse, togkilometer, billettinntekterLandtransport, Sjøtransport, Transport og reiseliv
false

Kollektivtransport2. kvartal 2006

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Nesten uendra kollektivtransport

Det var berre små endringar i kollektivtransporten, når ein jamfører fyrste halvår i 2005 og 2006. 2. kvartal 2006 viste reduksjon i ruteproduksjon, passasjertal og billettinntekter. Det var særleg utkøyrd distanse med buss som var lågare.

Utkøyrd distanse, passasjerar og billettinntekter.
1. kvartal 2005-2. kvartal 2006. 1 000. Førebelse tal
  Utkøyrd distanse Passasjerar Billettinntekter
2005  396 359  440 080 7 274 729
1. kvartal 97 401  114 991 1 754 344
2. kvartal  102 392  108 898 1 853 494
3. kvartal 95 255 99 099 1 798 169
4. kvartal  101 311  117 092 1 868 722
2006      
1. kvartal 99 053  119 461 1 873 091
2. kvartal 95 980  104 018 1 807 172

Utkøyrd distanse i 2. kvartal var over 6 prosent lågare i 2006 enn i 2005. All reduksjon skuldast mindre busskøyring. Båttrafikken hadde tvert om ein tendens til auke, etter fall i fyrste kvartal. Det kan sjå noko paradoksalt ut at passasjertala med båt samstundes fell sterkt.

Auke i billettinntektene

For trafikk med bane var det ein auke i billettinntektene på 13 prosent mellom 1. kvartal dei to åra. Fallet i billettinntekter for 2. kvartal var heller ikkje like stort som trafikktala for dei andre transportformene kunne tyde på.

Vi vil gjera merksam på at påska var i 1. kvartal i 2005 og i 2. kvartal i 2006, og at dette kan gje utslag i tala.

Statistisk sentralbyrå publiserte ny årsstatistikk for kollektivtransport for fyrste gong i oktober 2006. I denne artikkelen vert det presentert kvartalstal for fyrste gong. Tala er førebels, og kan bli justert i samband med avstemming mot årsskjema for 2005 og 2006.

Tabeller: