Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Kollektiv opptur
Med buss som lokomotiv auka passasjertalet på buss, båt og bane med heile 9 prosent i fyrste kvartal 2009, samanlikna med same perioden året før. Samla for dei fire siste kvartala var det ein gjennomgåande auke på om lag 6 prosent for alle transportformer, viser førebelse tal.
Med oppunder 11 millionar ekstra påstigingar på buss, var kvar niande passasjer å rekne som eit tilskot samanlikna med fyrste kvartal 2008. Det var ein marginal nedgang i påstigingstala for både båt og bane, men dette må sjåast i lys av ein sterk samla auke på over 8 prosent for begge desse transportformene i 2008, samanlikna med året før.
Utkøyrd distanse | Passasjerar | Billettinntekter | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2006 | 383 956 | 434 850 | 7 544 067 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2007 | 398 927 | 440 440 | 8 542 026 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2008 | 400 909 | 457 879 | 8 806 506 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1. kvartal | 98 068 | 118 210 | 2 101 473 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2. kvartal | 100 521 | 105 361 | 2 248 910 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
3. kvartal | 96 325 | 110 183 | 2 203 322 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
4. kvartal | 105 996 | 124 125 | 2 252 801 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2009 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1. kvartal | 102 120 | 129 024 | 2 248 188 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Auke i billettinntektene
Det strøymde 147 millionar fleire billettkroner til kollektivkassene i fyrste kvartal 2009 enn i 2008. Mesteparten av desse kom buss til gode, men også båt og bane, som hadde ein liten nedgang i passasjertala, fekk inn nokre ekstra kroner.
Fleire kilometer med buss og båt
Køyrde kilometer er eit mål for kor stort tilbodet var, og både buss og båt hadde her ein auke på om lag 5 prosent samanlikna med fyrste kvartal 2008. Nivået var uendra for bane.
Kollektivtransport er her all rutegåande transport med buss, på skinner og med passasjerbåtar. Fly, drosje, bilferjer og Hurtigruta er ikkje med.
Usikre tidsrekkerBåde buss- og båtsektoren har vore prega av store strukturendringar, kontraktsmessige og teknologiske endringar dei siste åra. Anbodsutsetjing, bruttokontraktar og elektronisk billettering har gjeve meir usikre endringstal for tilbod og etterspørsel av kollektivtransport. Tala er førebelse, og kan bli justerte i samband med avstemming mot årsskjema for 2008 og 2009. |
Tabeller:
- Tabell 1 Utkøyrd distanse, passasjerar og billettinntekter. Buss. 1. kvartal 2009. 1 000. Førebels tal
- Tabell 2 Utkøyrd distanse, passasjerar og billettinntekter. Båt. 1. kvartal 2009. 1 000. Førebels tal
- Tabell 3 Utkøyrd distanse, passasjerar og billettinntekter. Bane. 1. kvartal 2009. 1 000. Førebels tal
Kontakt
-
Jardar Andersen
E-post: jardar.andersen@ssb.no
tlf.: 99 70 08 04