Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Kollektivauken held fram
Fyrste halvår 2009 gav ein passasjerauke på 12 prosent samanlikna med den same perioden året før. Skinnegåande trafikk hadde den største relative veksten, med heile 15 prosent, medan buss hadde størst stiging i passasjertal. Trass i dette var det berre ein liten auke i billettinntektene.
Det var 25,5 millionar fleire påstigingar på kollektive transportmiddel det fyrste halvåret i 2009 samanlikna med den same perioden i 2008. Vel 12 millionar av desse var passasjerar med bane, og snautt 14 millionar reiste med buss. Båtpassasjertalet gjekk tilbake med innpå 10 prosent, ein nedgang på om lag ein halv million passasjerar.
Utkøyrd distanse | Passasjerar | Billettinntekter | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2006 | 383 956 | 434 850 | 7 544 067 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2007 | 398 927 | 440 440 | 8 542 026 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2008 | 395 810 | 455 361 | 8 712 000 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1. kvartal | 97 523 | 111 343 | 2 111 704 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2. kvartal | 99 769 | 108 853 | 2 248 142 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
3. kvartal | 94 812 | 109 454 | 2 156 340 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
4. kvartal | 103 706 | 125 711 | 2 195 814 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2009 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1. kvartal | 101 998 | 129 826 | 2 196 569 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2. kvartal | 98 375 | 115 894 | 2 272 186 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Svakare auke i billettinntektene
Trass i den sterke auken i passasjertalet frå 2008 til 2009 steig billettinntektene med berre 2,5 prosent, eller 109 millionar kroner. Auken var om lag like stor for buss som for bane, men billettinntektene for båt var uendra frå 2008.
Færre kilometer med bane
Køyrde kilometer er eit mål for kor stort tilbodet var, og bane hadde her ein nedgang på 3 prosent samanlikna med den fyrste halvparten av 2008. For båt var kilometertalet uendra, og buss hadde ein auke på vel 2 prosent.
KollektivtransportKollektivtransport er her all rutegåande transport med buss, på skjener og med passasjerbåtar. Fly, drosje, bilferjer og Hurtigruta er ikkje med. |
Usikre tidsrekkerBåde buss- og båtsektoren har vore prega av store strukturendringar, kontraktsmessige og teknologiske endringar dei siste åra. Anbodsutsetjing, bruttokontraktar og elektronisk billettering har gjeve meir usikre endringstal for tilbod og etterspørsel av kollektivtransport. Tala er førebelse, og kan bli justerte i samband med avstemming mot årsskjema for 2009. |
Tabeller:
- Tabell 1 Utkøyrd distanse, passasjerar og billettinntekter. Buss. 2. kvartal 2009. 1 000. Førebels tal
- Tabell 2 Utkøyrd distanse, passasjerar og billettinntekter. Båt. 2. kvartal 2009. 1 000. Førebels tal
- Tabell 3 Utkøyrd distanse, passasjerar og billettinntekter. Bane. 2. kvartal 2009. 1 000. Førebels tal
Kontakt
-
Jardar Andersen
E-post: jardar.andersen@ssb.no
tlf.: 99 70 08 04