Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Fleire tar trikk og t-bane
Samla kollektivbruk auka 1,3 prosent i 2. kvartal 2010, samanlikna med den same perioden året før. Absolutt heile passasjerveksten på om lag 1,5 million påstigingar skreiv seg frå skjenegåande trafikk.
Auken i bussbruk flata ut i fyrste halvpart av 2010, etter rekordåret 2009. Også passasjertalet for båt og jernbane var stabilt, medan trikk og t-bane samla sett hadde klar framgang. Tilbodet, rekna i utkøyrde kilometer, vart redusert med 8,3 prosent for passasjerbåtane og 2,5 prosent med buss, når ein samanliknar 2. kvartal 2010 med den same perioden året før. Togkilometertalet hadde ein auke på 2,5 prosent.
Nedgang i billettinntektene for bussnæringa
Passasjerauken med bane i 2. kvartal gav 56 millionar kroner i meirinntekter frå dei reisande, medan bussnæringa fekk ein nedgang i billettinntektene på 35 millionar kroner trass i stabile reisetal. Denne reduksjonen i gjennomsnittleg billettpris kan tyde på lågare billettakstar, eller at reisene med buss vart kortare.
Utkøyrd distanse | Passasjerar | Billettinntekter | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2006 | 383 956 | 434 850 | 7 544 067 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2007 | 398 927 | 440 440 | 8 542 026 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2008 | 395 810 | 455 361 | 8 712 000 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2009 | 400 278 | 473 263 | 9 104 241 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1. kvartal | 102 587 | 128 395 | 2 221 119 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2. kvartal | 99 171 | 113 636 | 2 297 347 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
3. kvartal | 94 602 | 107 092 | 2 264 327 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
4. kvartal | 103 918 | 124 140 | 2 321 448 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2010 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1. kvartal | 102 940 | 130 736 | 2 482 289 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2. kvartal | 97 138 | 115 125 | 2 320 272 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
KollektivtransportKollektivtransport er her all rutegåande transport med buss, på skinner og med passasjerbåtar. Fly, drosje, bilferjer og Hurtigruta er ikkje med. |
Usikre tidsrekkjerBåde buss- og båtsektoren har vore prega av store strukturendringar, kontraktsmessige og teknologiske endringar dei siste åra. Anbodsutsetjing, bruttokontraktar og elektronisk billettering har gjeve meir usikre endringstal for tilbod og etterspørsel av kollektivtransport. Tala er førebelse og kan bli justerte i samband med avstemming mot årsskjema for 2010. |
Tabeller:
- Tabell 1 Utkøyrd distanse, passasjerar og billettinntekter. Buss. 2. kvartal 2010. 1 000. Førebelse tal
- Tabell 2 Utkøyrd distanse, passasjerar og billettinntekter. Båt. 2. kvartal 2010. 1 000. Førebelse tal
- Tabell 3 Utkøyrd distanse, passasjerar og billettinntekter. Bane. 2. kvartal 2010. 1 000. Førebelse tal
Kontakt
-
Jardar Andersen
E-post: jardar.andersen@ssb.no
tlf.: 99 70 08 04