53767_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kolltrans/kvartal
53767
Opptur for buss og bane
statistikk
2011-10-14T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Transport og reiseliv
no
kolltrans, Kollektivtransport, buss, båt, jernbane, tog, trikk, t-bane, passasjerer, passasjerkilometer, vognkilometer, utkjørt distanse, togkilometer, billettinntekterLandtransport, Sjøtransport, Transport og reiseliv
false

Kollektivtransport2. kvartal 2011

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Opptur for buss og bane

Kollektivbruken auka samla sett med heile 6 prosent i 2. kvartal 2011, samanlikna med den same perioden året før. Passasjerveksten utgjorde godt over 3 millionar påstigingar for både buss og bane.

Tilbodet, rekna i utkøyrd distanse, auka med 2,7 prosent. Denne auken gav utteljing med endå større relativ passasjervekst for både buss og bane når ein samanliknar med 2. kvartal 2010. Passasjerveksten for buss var 5,4 prosent, mens den for bane var 7,9 prosent. Det er verdt å merke seg at Bybana i Bergen, som opna i juni 2010, stod for ein stor del av auken, men slett ikkje alt. Billettinntektene voks i takt med passasjertalet, og utgjorde for fyrste gong over 2,5 milliardar kroner.

Utkøyrd distanse, passasjerar og billettinntekter. 2. kvartal 2011. 1 000. Førebels tal
  Utkøyrd distanse Passasjerar    Billettinntekter
2006  383 956       434 850      7 544 067
2007  398 927  440 440 8 542 026
2008  395 810  455 361 8 712 000
2009  400 278  473 459 9 307 570
       
2010  398 126  495 444 9 476 698
1. kvartal  102 718  130 022 2 272 132
2. kvartal 97 354  118 250 2 360 399
3. kvartal 94 474  112 061 2 384 340
4. kvartal  103 580  135 111 2 459 827
       
2011      
1. kvartal  105 460  140 966 2 474 723
2. kvartal 99 961  125 377 2 509 185

Færre med båt

Trass i ein auke på 8,1 prosent i tilbodet rekna i båtkilometer, gjekk passasjertalet ned med 7,4 prosent. Dermed sokk også billettinntektene, som gjekk ned 8,6 prosent når ein jamfører 2. kvartal i 2011 med same periode året før.

Kollektivtransport

Kollektivtransport er her all rutegåande transport med buss, på skinner og med passasjerbåtar. Fly, drosje, bilferjer og Hurtigruta er ikkje med.

Usikre tidsrekker

Både buss- og båtsektoren har vore prega av store strukturendringar, kontraktsmessige og teknologiske endringar dei siste åra. Anbodsutsetjing, bruttokontraktar og elektronisk billettering har gjeve meir usikre endringstal for tilbod og etterspørsel av kollektivtransport.

Tala er førebelse og kan bli justerte i samband med avstemming mot årsskjema for 2011.

Tabeller: