Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Stadig fleire busspassasjerar
Kollektivbruken auka samla sett med over 6 prosent i 3. kvartal 2011, samanlikna med den same perioden året før. Av ein samla vekst på 6,8 millionar påstigingar skreiv 5 millionar seg frå busspassasjerar.
Tilbodet rekna i utkøyrd distanse, auka med 1,2 prosent i 3. kvartal 2011. Trass i dette og auken i passasjertalet sokk billettinntektene samla sett med snaue 25 millionar kroner. Busselskapa kunne bokføre ein billettinntektsauke på berre 3 prosent, sjølv om passasjertalet hadde ein oppgang på 7,8 prosent. I denne omgang gjev ikkje statistikken svar på om dette kjem av lågare takstar eller kortare reiser.
Tilbod og bruk av båt gjekk marginalt ned.
Sommarstengd Oslo S
Jernbaneverket stengde Oslo S for jernbanetrafikk i seks veker frå 28. juni 2011. Dette gav fall i trafikktala for både Flytoget og NSB. Likevel gjorde gode tal for både trikk og forstadsbanane at ein samla sett fekk ein passasjerauke på 4 prosent for skjenegåande kollektivtransport. Både tilbodet, rekna i togkilometer, og billettinntektene gjekk samstundes noko ned.
Utkøyrd distanse | Passasjerar | Billettinntekter | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2006 | 383 956 | 434 850 | 7 544 067 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2007 | 398 927 | 440 440 | 8 542 026 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2008 | 395 810 | 455 361 | 8 712 000 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2009 | 400 278 | 473 459 | 9 307 570 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2010 | 398 126 | 495 444 | 9 476 698 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1. kvartal | 102 718 | 130 022 | 2 272 132 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2. kvartal | 97 354 | 118 250 | 2 360 399 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
3. kvartal | 94 474 | 112 061 | 2 384 340 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
4. kvartal | 103 580 | 135 111 | 2 459 827 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2011 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1. kvartal | 105 457 | 141 210 | 2 474 522 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2. kvartal | 99 945 | 125 423 | 2 474 449 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
3. kvartal | 95 612 | 118 850 | 2 359 609 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
KollektivtransportKollektivtransport er her all rutegåande transport med buss, på skjener og med passasjerbåtar. Fly, drosje, bilferjer og Hurtigruta er ikkje med. |
Usikre tidsrekkerBåde buss- og båtsektoren har vore prega av store strukturendringar, kontraktsmessige og teknologiske endringar dei siste åra. Anbodsutsetjing, bruttokontraktar og elektronisk billettering har gjeve meir usikre endringstal for tilbod og etterspørsel av kollektivtransport. Tala er førebels og kan bli justerte i samband med avstemming mot årsskjema for 2011. |
Tabeller:
- Tabell 1 Utkøyrd distanse, passasjerar og billettinntekter. Buss. 3. kvartal 2011. 1 000. Førebels tal
- Tabell 2 Utkøyrd distanse, passasjerar og billettinntekter. Båt. 3. kvartal 2011. 1 000. Førebels tal
- Tabell 3 Utkøyrd distanse, passasjerar og billettinntekter. Bane. 3. kvartal 2011. 1 000. Førebels tal (Rettet 24. januar 2012)
Kontakt
-
Jardar Andersen
E-post: jardar.andersen@ssb.no
tlf.: 99 70 08 04