Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgang i talet på overnattingar
Det var 1,68 millionar overnattingar ved kommersielle norske overnattingstader i september i år, mot 1,79 millionar i september i fjor. Dette er ein nedgang på 6 prosent. Den norske marknaden gjekk ned med 7 prosent, medan talet på overnattingar frå utlandet gjekk ned med 4 prosent.
Talet på utanlandske overnattingar gjekk ned frå 404 000 i september i fjor til 386 000 i september i år. Dei største utanlandsmarknadene, Tyskland, Sverige og Storbritannia, gjekk alle tilbake - Tyskland med 1 prosent, Sverige med 10 prosent og Storbritannia med 6 prosent.
Stor nedgang for campingplassane
Talet på overnattingar ved campingplassane gjekk ned med 23 prosent samanlikna med september i fjor. September i fjor var ein toppmånad. Samanlikna med september for to år sidan, var det likevel ein nedgang på 14 prosent. Grafen nedanfor viser denne utviklinga nærare.
Vandrarheimane og hotella gjekk òg ned med høvesvis 5 og 1 prosent. Talet på overnattingar ved hyttegrendene derimot auka med 12 prosent. Dette heng framleis saman med at enkelte større hyttegrender, som tidlegare var i hotellstatistikken, er overførte til hyttegrendstatistikken.
Flest norske overnattingar
Litt i overkant av tre av fire overnattingar ved kommersielle overnattingsstader i september var norske. Vandrarheimane og hyttegrendene hadde litt over 52 prosent, medan hotella og campingplassane hadde om lag 78 prosent norske overnattingar.
Færre overnattingar til og med september
Etter årets åtte første månader, har det vore 20,4 millionar overnattingar ved dei norske overnattingsstadane. Dette er ein nedgang på nesten 3 prosent samanlikna med same periode i fjor. Det var nedgang for campingplassane, hotella og for vandrarheimane medan hyttegrendene har auka.
Tabeller:
- Tabell 1 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2003
- Tabell 2 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. September 2003
- Tabell 3 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-september 2003
- Tabell 4 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. September 2003
- Tabell 5 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-september 2003
- Tabell 6 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2003
- Tabell 7 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2003
- Tabell 8 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. September 2003
- Tabell 9 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-september 2003
- Tabell 10 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. September 2003
- Tabell 11 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-september 2003
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54