Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire overnattingar
Det var 1,49 millionar overnattingar ved norske overnattingsstader i april 2005. Dette er ein auke på 5 prosent samanlikna med april i fjor.
Talet på norske overnattingar auka med 5 prosent, medan dei utanlandske auka med 7 prosent.
Fleire hotellovernattingar
Talet på overnattingar på hotell auka med 12 prosent. Norske hotellovernattingar auka med 14 prosent, medan dei utanlandske hotellovernattingane auka med 3 prosent samanlikna med april i fjor.
Dei to største utanlandsmarknadene denne månaden, Sverige og Storbritannia, auka, medan den tredje største, Danmark, gjekk ned med 22 prosent. Danmark er ein typisk "vintermarknad" og nedgangen heng saman med at påsken i år falt i mars, medan påsken i fjor falt i april.
Nedgang for campingplassane
Campingplassane hadde 220 000 overnattingar i april i år, mot 274 000 i same månad i fjor. Dette er ein nedgang på 20 prosent. Nedgangen må sjåast i samanheng med tidspunktet for påsken.
Hittil i år
Det har vore 6,2 millionar overnattingar ved norske overnattingsstader hittil i år. Dette er 5 prosent fleire enn i same periode i fjor. Det har vore auke for alle overnattingsformene.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. April. 2004 og 2005
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-april og april. 2004 og 2005
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. April. 2004 og 2005. (Rettet 30. juni 2005)
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-april. 2004 og 2005. (Rettet 30. juni 2005)
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-april og april 2005. (Rettet 5. januar 2006)
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. April. 2004 og 2005. (Rettet 21. desember 2005)
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-april. 2004 og 2005. (Rettet 21. desember 2005)
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2005
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. April 2005
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-april 2005
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. April 2005
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-april 2005
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2005
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2005
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. April 2005
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-april 2005
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. April 2005
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-april 2005
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54