14480_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14480
Fleire overnattingar
statistikk
2005-06-30T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarmai 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire overnattingar

Det var 1,72 millionar overnattingar ved norske overnattingsstader i mai 2005. Dette er ein auke på 2 prosent samanlikna med mai i fjor.

Utanlandske overnattingar auka med 5 prosent, medan talet på norske overnattingar auka med 1 prosent.

Auke for hotella

Hotella stod for to tredjedelar av alle overnattingar, og talet på hotellovernattingar auka med 8 prosent. Både norske og utanlandske hotellovernattingar auka med om lag like mye, 7,5 prosent.

Alle dei største utanlandsmarknadene denne månaden auka. Dei tre største, Storbritannia, Tyskland og Sverige, auka med høvesvis 5, 10 og 11 prosent.

Nedgang for campingplassane

Campingplassane hadde 520 000 overnattingar i mai i år, mot 569 000 i same månad i fjor. Dette er ein nedgang på 9 prosent.

Hittil i år

Det har vore 7,9 millionar overnattingar ved norske overnattingsstader hittil i år. Dette er 4 prosent fleire enn i same periode i fjor. Det har vore auke for alle overnattingsformene.

Tabeller: