Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire overnattingar i første halvår
Det har vore 11,1 millionar overnattingar ved norske overnattingsstader hittil i år. Dette er 3 prosent fleire enn i same periode i fjor.
Det er berre campingplassar og Norske Vandrerhjem som har hatt nedgang første halvår 2005, resten av overnattingsstadene har hatt auke. Juni månad stod for 3,2 millionar overnattingar i alt. Talet på norske overnattingar auka med 2 prosent frå juni 2004 til juni 2005, medan talet på utanlandske overnattingar gjekk ned med 1 prosent for same periode.
Auke for hotella
Hotella stod for 57 prosent av alle overnattingane. Talet på hotellovernattingar auka med 3 prosent både for den utanlandske og den norske marknaden samanlikna med juni 2004. Dei tre største marknadene var Tyskland, Storbritannia og Frankrike.
Orsaka til auken er at fleire har hatt overnatting i samband med kurs, konferanse og yrkesreiser, nær 9 prosent fleire enn i juni i fjor. Overnatting i samband med ferie og fritid hadde ein nedgang på 2 prosent i denne perioden.
Nedgang for campingplassane
Campingplassane hadde 1,25 millionar overnattingar i juni i år, mot 1,27 millionar i same månad i fjor. Dette er ein nedgang på 1 prosent. Overnattingar i hyttegrender hadde ein auke på 8 prosent frå juni 2004 til juni 2005.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Juni. 2004 og 2005
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-juni og juni. 2004 og 2005
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Juni. 2004 og 2005
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-juni. 2004 og 2005
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-juni og juni 2005. (Rettet 5. januar 2006)
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Juni. 2004 og 2005. (Rettet 21. desember 2005)
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-juni. 2004 og 2005. (Rettet 21. desember 2005)
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2005
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Juni 2005
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-juni 2005
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Juni 2005
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-juni 2005
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2005
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2005
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Juni 2005
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-juni 2005
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Juni 2005
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-juni 2005
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54