Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Storbyauke for hotella i skisesongen
I perioden januar-april var det til saman 1,6 millionar overnattingar i dei fire største byane i Noreg, ein auke med nær 6 prosent samanlikna med den same perioden i fjor. Norske overnattingar steig med 6 prosent, medan talet på utanlandske overnattingar auka med 3 prosent.
Talet på hotellovernattingar i april auka med 2 prosent samanlikna med i fjor. Talet på norske hotellovernattingar auka med 2 prosent, medan talet på dei utanlandske auka med 1 prosent. Av dei store utanlandske marknadene auka Storbritannia med ein prosent, medan den største, Sverige, gjekk ned med 14 prosent.
Vekst for camping - nedgang for hyttegrender
Talet på overnattingar ved campingplassane steig med 8 prosent, medan for hyttegrendene gjekk talet ned med 2 prosent. For camping auka både norske og utanlandske overnattingar, medan for hyttegrender aukar norske overnattingar, og utanlandske overnattingar gjekk ned.
Kurs- og konferanseovernattingar samt yrkesovernattingar aukar
Samanlikna med april i fjor har talet på kurs- og konferanseovernattingar og yrkesovernattingar ved hotella stigi med høvesvis 7 og 10 prosent. Ferie- og fritidsovernattingar gjekk ned med 7 prosent.
Vintersesongen i Hemsedal og Trysil
Talet på hotellovernattingar i Hemsedal var om lag uendra i vintersesongen januar-april 2007 sett i forhold til den same perioden i fjor. Med 223 000 overnattingar både i 2006 og 2007 var likevel Hemsedal av dei store kommunane i Noreg målt i overnattingar. Av 141 000 utanlandske overnattingar i Hemsedal var 83 prosent svenskar og danskar. Talet på overnattingar i hyttegrendene i Trysil auka med 4 prosent i vintersesongen, og det var danskar som dominerte overnattingane med 81 000, eller nær 50 prosent, av alle overnattingane.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. April. 2006 og 2007
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar - april og april. 2006 og 2007
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. April. 2006 og 2007
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar - april. 2006 og 2007
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar - april og april 2007
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. April. 2006 og 2007
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar - april. 2006 og 2007
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2007
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. April 2007
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - april 2007
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. April 2007
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-april 2007
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2007
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2007
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. April 2007
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - april 2007
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. April 2007
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-april 2007
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54