14366_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14366
4 prosent fleire hotellovernattingar
statistikk
2010-03-26T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarfebruar 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

4 prosent fleire hotellovernattingar

I februar i år var det 1,33 millionar overnattingar ved norske hotell, ein oppgang på 4 prosent samanlikna med februar i fjor. Både norske og utanlandske overnattingar gjekk opp med høvesvis 3 og 7 prosent.

Fleire av dei store utanlandske marknadene gjekk opp i talet på overnattingar i februar 2010. Unntaka er Nederland og Tyskland. Talet på gjester frå desse landa fall med respektive 15 og 3 prosent samanlikna med februar i fjor. Størst oppgang hadde hotellgjester frå Danmark med 15 000 fleire overnattingar.

Kurs- og konferanseovernattingar samt ferieovernattingar gjekk opp med høvesvis 6 og 11 prosent samanlikna med same månaden i fjor, medan talet på yrkesovernattingar gjekk ned med 3 prosent frå 543 000 til 527 000 overnattingar.

Omsetningsnedgang og nedgang i prisen per rom

Samanlikna med februar 2009 gjekk omsetninga for hotella ned med 3 prosent, frå 782 millionar til 761 millionar, medan prisen per rom gjekk ned med 5 prosent frå 907 til 866 kroner.

Nedgang for camping

Frå februar i fjor til februar i år gjekk talet på campingovernattingar ned med 10 prosent, frå 230 000 til 207 000 overnattingar. Talet på norske campingovernattingar gjekk opp med 9 prosent, medan utanlandske campingovernattingar gjekk ned med heile 13 prosent frå februar 2009.

Auke i norske hyttegrendovernattingar

Talet på hyttegrendovernattingar gjekk opp frå 172 000 til 173 000 overnattingar, ein auke på knappe 1 prosent samanlikna med februar 2009. Det var 17 000 fleire norske og 15 000 færre utanlandske hyttegrendovernattingar i februar i år sett i høve til februar i fjor.

Tabeller: