Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire norske hotellovernattingar
Det var 1,26 millionar overnattingar ved norske hotell i april i år, ein oppgang på 2 prosent samanlikna med april i fjor. Norske overnattingar gjekk opp med 3 prosent, medan utanlandske overnattingar gjekk ned med 3 prosent.
Fleire av dei store utanlandske marknadene gjekk ned i april 2011, med unntak av Danmark som auka talet på overnattingar med 6 prosent. Både Sverige og Tyskland fall med 13 prosent samanlikna med april i fjor.
Ferieovernattingar auka med 17 prosent samanlikna med same månad i fjor, medan både kurs- og konferanseovernattingar, og yrkesovernattingar gjekk ned med 8 prosent i same periode.
Omsetningsnedgang og nedgang i prisen per rom
Samanlikna med april 2010 gjekk omsetninga for hotella ned med 5 prosent, frå 764 millionar til 728 millionar. Prisen per rom fall med 3 prosent frå 875 til 849 kroner.
Nedgang i norske campinggjestar
Frå april i fjor til april i år gjekk talet på campingovernattingar opp med 5 prosent, frå 350 000 til 367 000 overnattingar. Norske campingovernattingar gjekk opp med 6 prosent, medan utanlandske campingovernattingar gjekk ned med 10 prosent frå april 2010.
29 000 færre overnattingar på hyttegrend
Talet på overnattingar på hyttegrend gjekk ned frå 124 000 til 94 000 overnattingar, ein nedgang på 24 prosent samanlikna med april 2010. Det var 10 000 færre norske, og 19 000 færre utanlandske, hyttegrendovernattingar i april i år samanlikna med april i fjor.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. April. 2010 og 2011
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. April. 2010 og 2011
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. April. 2010 og 2011
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. April 2011
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. April. 2010 og 2011
- Tabell 6 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2011
- Tabell 7 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. April 2011
- Tabell 8 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. April 2011
- Tabell 9 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2011
- Tabell 10 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. April 2011
- Tabell 11 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. April 2011
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54