54328_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
54328
Stadig auke for hotella
statistikk
2011-12-02T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingaroktober 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stadig auke for hotella

I oktober i år var det 1,68 millionar overnattingar ved norske hotell, ein auke på 4 prosent samanlikna med same månad i fjor.

Alle overnattingsbedrifter, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-oktober. 2010 og 2011

Samanlikna med oktober 2010 gjekk omsetninga for hotella opp med 9 prosent, frå 885 millionar til 968 millionar kronar. Prisen per rom steig frå 857 til 886 kroner.

Fleire overnattingar

I oktober i år gjekk både norske og utanlandske overnattingar opp med høvesvis 4 og 3 prosent, samanlikna med oktober i fjor. Yrkesovernattingar samt kurs- og konferanseovernattingar gjekk opp med høvesvis 6 og 4 prosent i same periode, medan ferie- og fritidsovernattingar var om lag uendra.

Fleire av dei store utanlandske marknadene gjekk opp i talet på overnattingar i oktober 2011, med unntak av Tyskland og Nederland som minka.

Oppgang i talet på campingovernattingar

Frå oktober i fjor til oktober i år gjekk talet på campingovernattingar opp med 8 prosent, frå 214 000 til 230 000 overnattingar. Norske og utanlandske campingovernattingar gjekk opp med høvesvis 7 og 11 prosent.

Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-oktober. 2010 og 2011

Fleire hyttegrendovernattingar

Talet på hyttegrendovernattingar steig med 4 prosent i oktober 2011 i høve til oktober 2010. I oktober i år var det 2 600 fleire norske hyttegrendovernattingar, og 1 200 fleire utanlandske hyttegrendovernattingar, samanlikna med oktober i fjor.

Auke i talet på overnattingar hittil i år

I perioden januar-oktober 2011 var det 26,2 millionar overnattingar ved norske overnattingsstadar. Dette er ein auke på 2 prosent samanlikna med same periode i 2010. Overnattingar ved hotell- og andre overnattingsbedrifter auka frå 16,1 til 16,8 millionar. Campingplassar og hyttegrender hadde ein nedgong i talet på overnattingar, høvesvis 2 og 6 prosent.

Talet på norske overnattingar hittil i år steig med 3 prosent, frå 18,3 til 18,8 millionar overnattingar. Utanlandske overnattingar gjekk ned med 0,5 prosent frå januar til oktober 2010 samanlikna med same periode 2011.

Akkumulerte tal

Se Statistikkbanken for samanlikningar mellom månadane hittil i år og tidlegare periodar. Ettersom det finst fleire flyttbare heilagdagar i Noreg, vil det vere naturleg å samanlikna fleire månader under eitt, for å unngå denne feilkjelda.

Tal for hittil i år finn du i tabell: 08401, 08402, 08403, 08404, 08405, 08406 og 08407.

Tabeller: