90485_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
90485
God haustmånad for hotella
statistikk
2012-11-30T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingaroktober 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

God haustmånad for hotella

I oktober i år var det 1,52 millionar overnattingar ved norske hotell, ein oppgang på 6 prosent samanlikna med oktober i fjor. Talet på norske og utanlandske hotellovernattingar steig med høvesvis 4 og 14 prosent.

Fleire av dei største utanlandske marknadene gjekk opp i talet på hotellovernattingar i oktober i år. Unntaket var Tyskland, som hadde 2 prosent færre hotellovernattingar enn i oktober i fjor.

Samanlikna med oktober 2011 gjekk losjiomsetninga for hotella opp med 8 prosent, frå 968 millionar kroner til 1 046 millionar kroner. Oppnådd pris per rom steig i same periode frå 886 til 897 kroner.

Kurs- og konferanseovernattingar og yrkesovernattingar steig med høvesvis 2 og 11 prosent, medan ferie- og fritidsovernattingar gjekk opp 0,3 prosent.

Fleire campingovernattingar

Frå oktober 2011 til oktober 2012 gjekk talet på campingovernattingar opp med 13 prosent, frå  230 000 til 262 000 overnattingar. Både norske og utanlandske campingovernattingar auka, med høvesvis 11 og 31 prosent.

Alle overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet. Oktober. 2011 og 2012

Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet. Oktober. 2011 og 2012

Fleire hyttegrendovernattingar

Norske og utanlandske hyttegrendovernattingar gjekk i oktober opp høvesvis 10 og 19 prosent, frå 68 000 til 74 000 overnattingar samanlikna med oktober 2011.

Totalt sett fleire overnattingar i oktober

I oktober 2012 var det 1,87 millionar overnattingar ved alle norske overnattingsstader. Dette er ein oppgang på 119 000 overnattingar i høve til same månad året før. Norske overnattingar gjekk opp med 5 prosent, medan utanlandske overnattingar steig med heile 16 prosent.

Oppgang i talet på overnattingar hittil i år

I perioden januar-oktober 2012 var det 26,7 millionar overnattingar ved alle norske overnattingsstader. Dette er ein oppgang på 2 prosent samanlikna med same periode i 2011. Hotell- og andre overnattingsbedrifter gjekk opp frå 16,8 millionar til 17,3 millionar overnattingar. Campingplassane hadde om lag det same talet på overnattingar som i fjor, med 7,7 millionar overnattingar. Hyttegrender steig med 4,8 prosent, medan norske vandrarheimar har hatt 2 prosent færre overnattingar det siste året.

Tabeller: