Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
3 000 grunnskolar i Noreg
Hausten 2011 var det 3 000 grunnskolar i Noreg. 172 av grunnskolane var privatskolar, medan resten var offentlege.
Det blei registrert 1 749 barneskolar, 758 kombinerte skolar, og 493 ungdomsskolar. 40 prosent av grunnskolane hadde frå 100 til 300 elevar, 33 prosent hadde færre enn 100 elevar, medan 27 prosent hadde 300 elevar eller meir.
Frå og med skoleåret 2011/2012, blir ikkje spesialskolar og elevar ved spesialskolar rekna for seg sjølve, men er medrekna i talet på ordinære grunnskolar. Talet på skolar og elevar er difor ikkje direkte samanliknbart med tidlegare år. |
9 prosent av alle elevar fekk spesialundervisning
I alt var det 614 374 elevar i grunnskolen hausten 2011. 9 prosent av alle elevar fekk spesialundervisning. Meir enn 11 prosent av elevane i ungdomsskolen fekk spesialundervisning, medan 7 prosent av elevane i barneskolen fekk det same. Delen elevar som får spesialundervisning varierer mellom fylka, frå 7 prosent i Østfold og Akershus til 11 prosent i Nordland.
87 prosent hadde bokmål som målform
Nærare 87 prosent av alle elevar hadde bokmål, medan om lag 13 prosent hadde nynorsk som opplæringsmålform. Av dei elevane som hadde nynorsk som opplæringsmålform, var 88 prosent av desse i vestlandsfylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. 855 elevar hadde samisk som opplæringsmålform.
Tabeller:
- Tabell 1 Grunnskolar, etter skoleslag. Elevar i grunnskolen. Skoleåra 2000/01-2011/12
- Tabell 2 Elevar i grunnskolen og del elevar som får spesialundervisning, etter fylke og årssteg. Endelege tal, 1. oktober 2011
- Tabell 3 Elevar med spesialundervisning, tal og del. Skoleåra 2007/08-2011/12
- Tabell 4 Elevar i grunnskolen og grunnskolar, etter eigarform. Skoleåra 2000/01-2011/12
- Tabell 5 Skolar og elevar etter skolestorleik. Skoleåra 2005/06-2011/12. Prosent
- Tabell 6 Elevar med morsmåls-, tospråkleg og tilrettelagd opplæring og elevar med særskild norskopplæring, etter fylke. Endelege tal, 1. oktober 2011
- Tabell 7 Elevar med morsmålsopplæring og særskild norskopplæring. Skoleåra 2000/01-2011/12
- Tabell 8 Elevar, etter elevens målform og fylke. Endelege tal, 1. oktober 2011
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Emmie Stolpe Foss
E-post: emmie.foss@ssb.no
tlf.: 40 81 14 30
-
Per Torstein Tuhus
E-post: per.torstein.tuhus@ssb.no
tlf.: 40 81 13 49