137718_not-searchable
/utdanning/statistikker/utgrs/aar
137718
Stadig færre grunnskolar
statistikk
2013-12-13T10:00:00.000Z
Utdanning;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
utgrs, Elevar i grunnskolen, barneskolar, ungdomsskolar, kombinerte skolar, spesialundervisning, private skolar, skolestorleik, morsmålsopplæring, målform, bokmål, nynorsk, PC-tilgangGrunnskoler, KOSTRA, Utdanning, Innvandring og innvandrere, Utdanning, Offentlig sektor
false

Elevar i grunnskolen1. oktober 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stadig færre grunnskolar

Hausten 2013 blei det registrert 2 907 grunnskolar i Noreg, 50 færre skolar enn førre skoleåret. I løpet av dei ti siste skoleåra har det blitt nær 400 færre grunnskolar.

Grunnskolar og elevar etter eigeforhold. Absolutte tal og endring i prosent
2013Endring i prosentEndring i prosent
2012 - 20132003 - 2013
Grunnskolar i alt2 907-1,7-11,9
Private skolar1955,461,2
Offentlege skolar2 712-1,9-14,7
 
Elevar i alt615 3270,1-0,7
Elevar i private skolar19 1055,054,7
Elevar i offentlege skolar596 222-0,1-1,8
Figur 1. Del grunnskolar, etter skolestorleik

Det er særleg dei små kommunale barneskolane det blir færre av, medan det er ein mindre nedgang på kombinerte skolar og reine ungdomsskolar. Hausten 2013 hadde om lag 31 prosent av skolane færre enn 100 elevar. 40 prosent hadde frå 100 til 300 elevar, og 29 prosent hadde 300 elevar eller fleire. Nedgangen i talet på dei små skolane betyr at ein mindre del av elevane går på små skolar, medan fleire går på store skolar. 7 prosent av elevane gjekk på skolar med færre enn 100 elevar, og 56 prosent gjekk på skolar med 300 elevar eller fleire. 37 prosent av elevane gjekk på mellomstore skolar med frå 100 til 299 elevar.

Samstundes som det var nedgang i talet på grunnskolar totalt i 2013, var det auke i talet på private skolar frå førre skoleåret. Talet på private skolar auka med 10, og i alt var det 195 private grunnskolar.

Liten auke i elevtalet

Per 1. oktober var det 615 300 elevar i norske grunnskolar, ein auke på om lag 400 elevar frå førre skoleåret. Det var på barnesteget talet på elevar auka, på ungdomssteget gjekk talet på elevar ned. Talet på elevar auka i seks av fylka, i dei andre fylka var det nedgang. Størst prosentvis auke i talet på elevar var det i Oslo og Akershus, med høvesvis 2,2 og 0,8 prosent. Størst prosentvis nedgang i talet på elevar var det i Oppland og Nordland, med høvesvis 1,7 og 1,6 prosent.

Samla sett var det ein liten nedgang i talet på elevar i offentlege skolar, medan talet på elevar i private skolar auka med 5 prosent samanlikna med året før. I alt var det 19 105 elevar i private grunnskolar, og desse utgjorde 3 prosent av alle elevar i grunnskolen.

Færre fekk spesialundervisning

Hausten 2013 fekk nær 51 000 elevar spesialundervisning i grunnskolen. Det er 1 700 færre enn året før. Også delen elevar som fekk spesialundervisning, gjekk ned, frå 8,6 til 8,3 prosent. Det er framleis slik at ein større del av elevane på ungdomssteget får spesialundervisning samanlikna med barnesteget. På ungdomssteget fekk 11 prosent av elevane spesialundervisning, medan på barnesteget fekk 7 prosent det same. 68 prosent av dei som fekk spesialundervisning, var gutar.

Kvar fjerde elev i Oslo fekk særskild norskopplæring

17 165 elevar fekk morsmålsopplæring , tospråkleg fagopplæring og/eller tilrettelagd opplæring . Det er ein nedgang på 1 400 samanlikna med året før. Talet på elevar med særskild norskopplæring gikk derimot noko opp frå førre året, til 44 800. Om lag 7 prosent av alle elevar i landet fekk særskild norskopplæring i 2013. I Oslo fekk kvar fjerde elev særskild norskopplæring .

87 prosent har bokmål som opplæringsmålform

87 prosent av elevane hadde bokmål som opplæringsmålform hausten 2013, medan 13 prosent hadde nynorsk. Vel 800 elevar hadde samisk som opplæringsspråk, dei fleste av desse var i Finnmark.