Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre elevar med spesialundervisning
Sidan 2011 har talet på grunnskoleelevar som får spesialundervisning gått ned med 3 300. I alt får 8 prosent av elevane spesialundervisning i 2014, og fleirtalet er gutar.
2014 | Endring i prosent | Endring i prosent | |
---|---|---|---|
2013 - 2014 | 2004 - 2014 | ||
Grunnskolar i alt | 2 886 | -0,7 | -12,0 |
Private skolar | 208 | 6,7 | 48,6 |
Offentlege skolar | 2 678 | -1,0 | -14,9 |
Elevar i alt | 618 996 | 0,6 | -0,3 |
Elevar i private skolar | 20 436 | 7,0 | 58,5 |
Elevar i offentlege skolar | 598 560 | 0,4 | -1,5 |
Delen elevar som får spesialundervisning i grunnskolen, aukar for kvart årssteg, 3,6 prosent av elevane på fyrste årssteg og 11 prosent på 10. årssteg. Fleirtalet, 70 prosent, av elevane som får spesialundervisning, er gutar.
Stadig fleire grunnskoleelevar
Talet på elevar endrar seg lite frå år til år, men har likevel auka over ei årrekkje, og det er forventa å auke enda meir. 1. oktober 2014 var det registrert i underkant av 619 000 grunnskoleelevar, ein auke på nesten 3 000 frå året før. Basert på befolkningsframskrivingar er talet på elevar i grunnskolen forventa å vere om lag 100 000 fleire om 20 år.
Færre skolar, men fleire private
Samstundes som det blir færre grunnskolar totalt, aukar talet på private skolar. Sidan 2002 har det blitt om lag 100 fleire private grunnskolar, mens talet på offentlege skolar har minka med 545. I 2014 er 7,2 prosent av alle grunnskolane private, med eller utan tilskot frå det offentlege. Det er vestlandsfylka Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal som har flest private grunnskolar, mens Oslo og Hordaland har flest elevar i private skolar.
I takt med talet på private skolar har talet på elevar i private grunnskolar også auka. Samstundes utgjer privatskoleelevane berre litt over 3 prosent av alle grunnskoleelevar. Samanlikna med andre land er dette ein låg del av elevane. I Danmark, til dømes, gjekk 15 prosent av elevane på barnesteget og 27 prosent på ungdomssteget på private skolar i 2012. I alle OECD-landa sett under eitt gjekk 11 prosent av elevane på barnesteget og 15 prosent på ungdomssteget på private skolar.
Språklege minoritetar i grunnskolen
I alt får 7 prosent av alle grunnskoleelevar særskilt norskopplæring. I Oslo er denne delen elevar på 22 prosent. Delen elevar som får særskilt norskopplæring har heldt seg stabil dei siste åra. Sidan 2013 har det derimot vore ein nedgang på 1 900 elevar som får morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring og/eller tilrettelagd opplæring. Dei morsmåla som blir nytta i størst grad i slik opplæring, er polsk, somalisk og arabisk.
Ein tredel av grunnskolelærarane er over 50 år
KOSTRA-tal for rekneskapsåret 2013 viser at 33 prosent av lærarane i grunnskolen er 50 år eller eldre, mens 25 prosent er i 40-åra. Gjennomsnittet for alle OECD-landa låg på omtrent det same i 2012. Samstundes er det fleire av OECD-landa som har ein betydelig høgare snittalder blant grunnskolelærare enn Noreg. Til dømes er 62 prosent av lærarane på ungdomssteget i Italia og Portugal 50 år eller eldre. Storbritannia har den høgste delen lærarar i barnesteget under 30 år med 31 prosent, samanlikna med 13 prosent i Noreg.
Når det gjeld kvinnelege lærarar i OECD-landa er det 82 prosent på barnesteget og 67 prosent på ungdomssteget. Til samanlikning er 75 prosent av norske lærarar i grunnskolen kvinner. Av alle OECD-landa har Tyrkia den høgste delen mannlege lærarar på barnesteget, med 45 prosent, mens Japan er det einaste landet med ein høgare del mannlege enn kvinnelege lærarar på ungdomssteget.
Meir om KOSTRA-tala (Kommune-Stat-Rapportering)Åpne og lesLukk
I statistikkbanken kan du også finne KOSTRA-tal. KOSTRA står for Kommune-Stat-Rapportering og gir statistikk om ressursinnsatsen, prioriteringar og måloppnåing i kommunar, bydelar og fylkeskommunar. Du kan til dømes finne netto driftsutgifter i grunnskolesektoren (inkl. grunnskole, vaksenopplæring, SFO, skolelokalar og skoleskyss), lærartal og lærarårsverk, gjennomsnittleg gruppestorleik, lønsutgifter etc. Indikatorar for KOSTRA-grunnskole baserar seg på rekneskapstal og tal frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI). Sidan elevtalet er registrert per 1.10. for skoleåret, er elevtala frå GSI justert til å samsvare med rekneskapsåret i forholdet 7/12 for elevtalet i fjor og 5/12 for elevtalet i år. Tal for rekneskapsåret 2014 publiseras foreløpig i mars 2015, og endeleg i juni 2015. For utdjupande informasjon om kvar enkelt indikator, viser vi til KOSTRA- databasen.
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Emmie Stolpe Foss
E-post: emmie.foss@ssb.no
tlf.: 40 81 14 30
-
Per Torstein Tuhus
E-post: per.torstein.tuhus@ssb.no
tlf.: 40 81 13 49