Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire elevar i grunnskolen
Ved inngangen til skoleåret 1999/2000 var det i alt 580 000 elevar i grunnskolen. Dette er vel 11 000 fleire enn året før. Veksten vil halde fram i dei nærmaste åra.
Flest elevar i grunnskolen er det i Akershus med 64 300, medan grunnskolane i Finnmark har færrast, med 10 000. Medan 245 500 elevar går i småskolesteget (1.-4. klassesteg), går 174 300 elevar i mellomsteget (5.-7. klassesteg) og 158 300 i ungdomssteget. I snitt er det 20 elevar per klasse, det same som dei to siste åra.
Med i alt 3 271 skolar er det i snitt 177 elevar per skole. Tilsvarande tal for skoleåret 1998/1999 var 174 elevar. I alt er 81 av skolane private. Det er ti fleire enn i fjor. Dei private skolane har nesten 9 400 elevar som utgjer 1,6 prosent av alle elevane. I skoleåret 1998/1999 var det knapt 9 000 elevar i dei private skolane.
Sjølv om grunnskolen blei utvida til ti klassesteg hausten 1997, er det i dag færre elevar enn det som var i skoleåret 1979/1980. I 1992/1993 snudde førebels utviklinga med lågare elevtal. Nye framskrivingar syner også at talet på elevar i grunnskolen vil halde fram med å auke til vel 619 000 i skoleåret 2004/2005, før det igjen blir færre. I skoleåret 2009/2010 vil det vere knapt 610 000 elevar, medan talet på elevar vil vere tilbake til same nivå som i år i skoleåret 2015/2016.
Framskrivingane syner også store forskjellar mellom dei tre trinna i grunnskolen. På småskolesteget vil talet på elevar halde seg stabilt fram til skoleåret 2003/2004, for så å falle i åra fram mot 2015/2016. Talet på elevar vil i skoleåret 2015/2016 vere vel 91 prosent samanlikna med talet på elevar i år. På mellomsteget vil talet på elevar stige med 7 prosent fram til skoleåret 2002/2003 for så å falle til same nivå som i dag i skoleåret 2015/2016. For ungdomssteget vil talet på elevar stige med heile 18 prosent i åra fram mot 2006/2007, medan det i 2015/2016 vil vere 13 prosent fleire elevar enn i år. Framskrivingane er laga ut ifrå forventingar om middels fruktbarheit, middels levealder, middels innvandring og middels sentralisering.
Tabeller:
- Tabell 1 Grunnskolar, etter skoleslag. Elevar i grunnskoleutdanning. Skoleåra 1979/80-1999/00
- Tabell 2 Elevar i grunnskoleutdanning, etter fylke. Skoleåret 1999/00. Førebels tal
- Tabell 3 Elevar per klasse i grunnskolen. Skoleåra 1982/83 - 1999/00. Førebels tal
- Tabell 4 Nye og nedlagde skolar, etter fylke. September 1998 - september 1999. Førebels tal
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Elevar i grunnskolen, Årleg.
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Emmie Stolpe Foss
E-post: emmie.foss@ssb.no
tlf.: 40 81 14 30
-
Per Torstein Tuhus
E-post: per.torstein.tuhus@ssb.no
tlf.: 40 81 13 49