Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
15 prosent har nynorsk som målform
88 600 elevar i grunnskolen hadde nynorsk som målform ved inngangen til det nye tusenåret. 85 prosent av nynorskelevane går på skole i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane eller Møre og Romsdal.
På landsbasis utgjer elevane med nynorsk som målform 15 prosent av alle elevane i grunnskolen. Elevane med bokmål utgjer 84 prosent av elevane som er oppgitt i statistikken over målform. I Østfold, Akershus, Hedmark, Vestfold og Finnmark var det ingen elevar som brukar nynorsk, mens andelen var størst på Vestlandet. Den største delen nynorskelevar finn vi i Sogn og Fjordane, med 96 prosent. Deretter kjem Møre og Romsdal med 55 prosent og Hordaland med 46 prosent.
Elevar med samisk som målform var det nesten berre i dei fire nordlegaste fylka. Dei fleste elevane med samisk som målform var i Finnmark. Der brukar nesten 9 prosent av elevane samisk som målform, mens talet for heile landet er 0,2 prosent.
38 500 elevar frå språklege minoritetar
Hausten 1999 var det om lag 38 500 elevar i grunnskolen frå språklege minoritetar. Det er nesten 7 prosent av alle elevane. Talet var litt høgare enn i 1998, då 6 prosent av elevane kom frå språklege minoritetar. Oslo hadde framleis den høgaste delen elevar med eit anna morsmål enn norsk og samisk, med 28 prosent av det totale elevtalet. Etter Oslo følgjer Vest-Agder og Buskerud med 8 prosent, og Akershus med 7 prosent.
I Oslo er talet på elevar frå språklege minoritetar om lag 14 100. I resten av landet er talet vel 24 400. Oslo og Akershus til saman har nesten halvparten av alle framandspråklege elevar. Etter det følgjer Rogaland med meir enn 2 500 elevar og Hordaland med om lag 2 400 elevar. Nord-Trøndelag har det minste talet med 300 elevar frå språklege minoritetar.
Det er ikkje store endringar i kva for språk elevane frå språklege minoritetar snakkar samanlikna med 1998. Urdu ligg framleis på topp, med 12 prosent av elevane. Så følgjer engelsk med 8 prosent og vietnamesisk og albansk med 7 prosent kvar. Arabisk og spansk vert også snakka av meir enn 5 prosent av dei framandspråklege minoritetane i grunnskolen.
Tabeller:
- Tabell 1 Talet på elevar, etter elevens målform og fylke. 1. september 1999
- Tabell 2 Framandspråklege elevar, etter kjønn, klassesteg og morsmål. 1. september 1999
- Tabell 3 Framandspråklege elevar, etter morsmål og fylke. 1. september 1999
- Tabell 4 Elevar i grunnskoleutdanning, etter fylke. Skoleåret 1999/2000
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Emmie Stolpe Foss
E-post: emmie.foss@ssb.no
tlf.: 40 81 14 30
-
Per Torstein Tuhus
E-post: per.torstein.tuhus@ssb.no
tlf.: 40 81 13 49