Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire elevar og større skolar
Dei siste åra har delen elevar i større skolar gått opp. Halvparten av elevane i grunnskolen går no i skolar med 300 elevar eller meir, mens berre ein av ti går i skolar med mindre enn 100 elevar. Sidan 1997 er det blitt over 40 000 fleire elevar i grunnskolen.
Hausten 2001 gjekk 9,2 prosent av alle grunnskoleelevane i skolar med under 100 elevar. 41,6 prosent gjekk i skolar med mellom 100 og 300 elevar. Nesten halvparten av elevane, 49,1 prosent, gjekk i skolar med 300 elevar eller meir. Skoleåret 1997/98 var dei tilsvarande tala 10,8, 46,1 og 43,0 prosent. Det betyr at delen av elevane som går i små skolar har gått ned, mens delen av elevane som går i mellomstore og store skolar har auka sidan Reform 97.
Lågare del små grunnskolar
I den same perioden har delen skolar med mindre enn 100 elevar gått ned, mens delen skolar med 300 elevar eller meir har gått opp. Sjølv om det er mange små grunnskolar i Noreg, har det blitt færre av desse dei siste åra. Den største delen skolar er mellomstore med mellom 100 og 300 elevar. Hausten 2001 hadde 36,3 prosent av skolane mindre enn 100 elevar, 40,5 prosent mellom 100 og 300 elevar og 23,2 prosent 300 elevar eller meir. Dei tilsvarande tala for hausten 1997 var 39,5, 41,6 og 18,9 prosent.
Samstundes har talet på skolar gått ned frå 3 273 til 3 248. Nedgangen kjem både av reelle nedleggingar og av endringar i administrative tilhøve.
Nesten 600 000 elevar i grunnskolen
Hausten 2001 var det nesten 600 000 elevar i grunnskolen. Elevtalet har auka med meir enn 40 000 sidan hausten 1997. Auken kjem av at kulla som har kome inn i grunnskolen i perioden er større enn dei som har gått ut. Årskulla på barnesteget (1.-7. klasse) er større enn på ungdomssteget (8.-10. klasse). På barnesteget var det meir enn 60 000 elevar på kvart klassesteg, mens det var mellom 50 000 og 60 000 elevar på kvart klassesteg i ungdomsskolen.
Aukande klassestorleik på ungdomssteget
Klassestorleiken i grunnskolen er stabil på barnesteget, men aukande på ungdomssteget. På barnesteget har gjennomsnittet vore på 19,3 elevar per klasse dei siste tre skoleåra. På ungdomssteget har det vore ein auke frå 22,8 til 23,3 elevar per klasse sidan skoleåret 1997/98.
Tabeller:
- Tabell 1 Grunnskolar, etter skoleslag. Elevar i grunnskoleutdanning. Skoleåra 1979/80- 001/02
- Tabell 2 Elevar i grunnskoleutdanning, etter fylke. Skoleåret 2001/02. Førebelse tal
- Tabell 3 Elevar per klasse i grunnskolen. Skoleåra 1982/83-2001/02. Førebelse tal
- Tabell 4 Nye og nedlagde skolar, etter fylke. September 2000-september 2001. Førebels tal
- Tabell 5 Elevar i grunnskolen, etter klassesteg. Skoleåret 2001/02. Førebelse tal
- Tabell 6 Skolar, etter skolestorleik (elevtal). Skoleåra 1997/98 - 2001/02. Førebelse tal. Prosent
- Tabell 7 Elevar, etter skolestorleik (elevtal). Skoleåra 1997/98 - 2001/02. Prosent. Førebelse tal
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Elevar i grunnskolen, Årleg.
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Emmie Stolpe Foss
E-post: emmie.foss@ssb.no
tlf.: 40 81 14 30
-
Per Torstein Tuhus
E-post: per.torstein.tuhus@ssb.no
tlf.: 40 81 13 49