22794_not-searchable
/utdanning/statistikker/utgrs/arkiv
22794
Rekordhøgt elevtal i grunnskolen
statistikk
2002-12-18T10:00:00.000Z
Utdanning;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
utgrs, Elevar i grunnskolen, barneskolar, ungdomsskolar, kombinerte skolar, spesialundervisning, private skolar, skolestorleik, morsmålsopplæring, målform, bokmål, nynorsk, PC-tilgangGrunnskoler, KOSTRA, Utdanning, Innvandring og innvandrere, Utdanning, Offentlig sektor
false

Elevar i grunnskolen1. oktober 2002, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Rekordhøgt elevtal i grunnskolen

Det var over 610 000 elevar i grunnskolen hausten 2002, og så mange elevar har det ikkje vore registrert i norske grunnskolar før. Alle fylka har hatt ein auke i elevtalet dei fem siste åra, men det er i Akershus og Østfold at talet på elevar har auka mest prosentvis.

Elevtalet i grunnskolen har auka med meir enn 10 000 elevar kvart år frå skoleåret 1997/98, same året som seksårsreforma vart gjennomført. Då vart det registrert bortimot 560 000 elevar. Førre toppen i elevtalet var i skoleåret 1979/80, då det vart registrert meir enn 590 000 elevar i grunnskolen. Det er på barnesteget ein finn dei største årskulla, medan auken i elevmassen frå skoleåret i fjor til i år var størst på ungdomssteget.

Store variasjonar mellom fylka

Auken i elevtalet gjeld for alle fylka. Det er likevel store skilnader mellom fylka i kor stor auken har vore dei siste fem åra. Elevmassen i Akershus hadde den største veksten, målt både i absolutte tal og i prosent. Frå skoleåret 1997/98 til 2002/03 hadde Akershus ein auke i elevmassen på meir enn 9 000 elevar, eller 15 prosent. I same tidsrommet hadde Østfold 14 prosent og Sør-Trøndelag 11 prosent auke i talet på elevar. Lågast framgang i denne perioden hadde Møre og Romsdal og Aust-Agder med 4 prosent kvar og Sogn og Fjordane med 6 prosent.

Litt færre og større skolar

Talet og storleiken på skolar og klassar endra seg lite frå skoleåret 2001/02 til 2002/03. Hausten 2002 var det 3 237 grunnskolar i Noreg. Det er elleve færre enn skoleåret før. Flest skolar hadde Hordaland med 343, etter det kjem Nordland med 264 og Rogaland med 243. Færrast skolar hadde Aust-Agder med 80, Finnmark med 98 og Vest-Agder med 115.

Sidan skoleåret 1997/98 har talet på skolar med minst 300 elevar auka, medan skolar med færre enn 100 elevar har hatt ein tilsvarande nedgang. Hausten 2002 hadde 23,9 prosent av alle grunnskolane minst 300 elevar, medan 35,8 prosent hadde færre enn 100 elevar. Meir enn 40 prosent av alle grunnskolane hadde mellom 100 og 300 elevar.

Klassestorleiken aukar mest på ungdomssteget, kor talet på elevar per klasse har gått opp med 0,8 elevar dei siste fem åra. I 2002 var det 23,6 elevar per klasse på ungdomssteget og 19,4 elevar per klasse på barnesteget.

Tabeller: