22792_not-searchable
/utdanning/statistikker/utgrs/arkiv
22792
Stabil del elevar får morsmålsopplæring
statistikk
2003-05-26T10:00:00.000Z
Utdanning;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
utgrs, Elevar i grunnskolen, barneskolar, ungdomsskolar, kombinerte skolar, spesialundervisning, private skolar, skolestorleik, morsmålsopplæring, målform, bokmål, nynorsk, PC-tilgangGrunnskoler, KOSTRA, Utdanning, Innvandring og innvandrere, Utdanning, Offentlig sektor
false

Elevar i grunnskolen1. oktober 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stabil del elevar får morsmålsopplæring

I 2002 var det 18 734 elevar som fekk morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring i norske grunnskolar. Det er om lag 3,1 prosent av alle elevane i grunnskolen. Dei fem siste åra har delen elevar som får slik opplæring vore stabil rundt 3 prosent.

Urdu var framleis det språket som klart flest elevar fekk morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring på, sjølv om talet gjekk ned frå 2001. I 2002 fekk meir enn 2 800 elevar morsmålsopplæring på urdu. Andre store språk var arabisk, somalisk, vietnamesisk, kurdisk og albansk. Fleire enn 1 000 elevar fekk morsmålsopplæring på kvar av desse språka. Arabisk, somalisk, kurdisk, dari, thai og pashto var bland dei språka som hadde auke i talet på elevar med morsmålsopplæring i 2002. I alt var det meir enn 100 ulike morsmål det blei gjeve morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring på.

Elevar som får morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring, etter morsmål. 1. oktober 2002

Nærare 34 000 elevar fekk hausten 2002 særskild norskopplæring. Det er 5,6 prosent av alle elevane i grunnskolen.

Flest elevar med morsmålsopplæring i Oslo, Akershus, Hordaland og Rogaland

Oslo, Akershus, Hordaland og Rogaland hadde flest elevar som fekk morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring. Desse fire fylka hadde om lag halvparten av alle elevar som fekk morsmålsopplæring. Ein tredel av alle elevane som fekk særskild norskopplæring var busette i Oslo.

9 prosent av elevane i Finnmark har samisk som målform

Nærare 90 000 elevar i grunnskolen hadde i 2002 nynorsk som målform. Det er 14,7 prosent av alle elevane i grunnskolen. I overkant av 519 000 hadde bokmål som målform. Litt meir enn 1 000 elevar hadde samisk som målform. Det er mindre enn 0,2 prosent av alle elevane i grunnskolen i Noreg. Dei fleste elevane med samisk målform var i Finnmark. I Finnmark hadde om lag 9 prosent av alle elevane samisk som målform.

Tabeller: