Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
617 600 elevar i grunnskolen
Hausten 2003 var det over 617 600 elevar i grunnskolen. Førebels tal viser at drygt 432 300 av desse elevane vart registrerte i 1.-7. årssteg, medan 182 000 elevar vart registrerte i 8.-10. årssteg. 3 300 elevar vart registrerte i spesialgrupper eller eigne faste undervisningsgrupper.
Elevtalet held seg stabilt
Elevtalet i grunnskolen auka med 7 300 elevar samanlikna med skoleåret før. Dette svarer til ein auke på 1 prosent. Av fylka har Akershus den største auken med 1 300 fleire elevar i noverande skoleår enn i førre skoleår. Tek ein utgangspunkt i prosentvise endringar, kan ein seie at elevtalet i fylka held seg stabilt. I Telemark og Sogn og Fjordane er elevtalet nesten uendra i forhold til hausten 2002, mens elevtalet auka mellom 1 og 2 prosent i dei andre fylka.
192 elevar per skole i gjennomsnitt
Det er registrert i alt 3 209 grunnskolar. Det vil seie at i gjennomsnitt er det 192 elevar per skole. 1 123 skolar har mindre enn 100 elevar, 1 275 har mellom 100 og 300 elevar og 811 har over 300 elevar. Gjer vi om tala til prosentdelar, så hører 35 prosent av skolane til den første, 40 prosent til den andre og 25 prosent til den siste kategorien.
Oslo har den lågaste prosentdelen - 3 prosent - grunnskolar med mindre enn 100 elevar og høgast del - 74 prosent - grunnskolar med over 300 elevar. Også Akershus og Østfold har låg prosentdel skolar med mindre enn 100 elevar. 7 prosent av skolane i Akershus og 9 prosent av skolane i Østfold hører til denne kategorien. Mens 56 prosent av skolane i Østfold har mellom 100 og 300 elevar, har 52 prosent av skolane i Akershus over 300 elevar.
Sogn og Fjordane har flest grunnskolar med mindre enn 100 elevar. 65 prosent av grunnskolane i fylket har mindre enn 100, 29 prosent har mellom 100 og 300 elevar og 6 prosent har over 300 elevar. Dei tre nordlegaste fylka har også flest skolar med mindre enn 100 elevar.
94 000 har nynorsk som målform
Over 94 000 av elevane i grunnskolen har nynorsk som målform. Dette svarer til 15 prosent av alle elevane. Elevar med samisk som målform utgjer 0,1 prosent av alle elevane i grunnskolen og 7 prosent av elevane i Finnmark. Dette er ein nedgang på respektive 0,1 og 2 prosentpoeng samanlikna med skoleåret 2002/2003.
Tabeller:
- Tabell 1 Grunnskolar, etter skoleslag. Elevar i grunnskoleutdanning. Skoleåra 1979/80-2003/04
- Tabell 2 Elevar i grunnskoleutdanning, etter fylke. Skoleåret 2003/04. Førebelse tal
- Tabell 3 Elevar i grunnskolen, etter faste undervisningsgrupper. Skoleåret 2003/04. Førebelse tal
- Tabell 4 Skolar, etter skolestorleik og elevtal. Skoleåra 1998/99-2003/04. Prosent. Førebelse tal
- Tabell 5 Skolestorleik etter elevtal. Skoleåra 1997/98-2002/03. Prosent. Endelege tal (Rettet 16.12.2003)
- Tabell 6 Elevar i grunnskoleutdanning, etter fylke. Skoleåra 1998/99-2003/04. Førebelse tal
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Elevar i grunnskolen, Årleg.
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Emmie Stolpe Foss
E-post: emmie.foss@ssb.no
tlf.: 40 81 14 30
-
Per Torstein Tuhus
E-post: per.torstein.tuhus@ssb.no
tlf.: 40 81 13 49