22786_not-searchable
/utdanning/statistikker/utgrs/arkiv
22786
Rekordhøgt elevtal i grunnskolen
statistikk
2004-12-22T10:00:00.000Z
Utdanning;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
utgrs, Elevar i grunnskolen, barneskolar, ungdomsskolar, kombinerte skolar, spesialundervisning, private skolar, skolestorleik, morsmålsopplæring, målform, bokmål, nynorsk, PC-tilgangGrunnskoler, KOSTRA, Utdanning, Innvandring og innvandrere, Utdanning, Offentlig sektor
false

Elevar i grunnskolen1. oktober 2004, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Rekordhøgt elevtal i grunnskolen

For tolvte året på rad aukar talet på elevar i grunnskolen. Med totalt 618 300 elevar skoleåret 2004/05 har elevtalet auka med over 10 prosent sidan Reform 97 vart innførd skoleåret 1997/98. Justerer ein for skolestart for 6-åringar frå og med skoleåret 1997/98, må ein tilbake til tidleg på 1980-talet for å finne like høge elevtal.

Færre og større skolar

Samstundes som elevtalet aukar, er det ein tendens til færre skolar. Det er nedgang i talet på både reine barneskolar og reine ungdomsskolar. Talet på kombinerte grunnskolar med både barne- og ungdomstrinn aukar. Det var 135 frittståande grunnskolar i drift per 1. oktober 2004. Dette er 19 fleire enn året før.

Ujamn tilgang på datamaskiner og Internett

I grunnskolen er det gjennomsnittleg 6,5 elevar per datamaskin og 8,1 elevar per datamaskin med Internett-tilkopling. Inndelt etter fylke er det elevane i Sogn og Fjordane som har best tilgang på datamaskiner og Internett, medan elevane i Aust-Agder og Vestfold er flest om å dele på tastatura.

Tabeller: