22782_not-searchable
/utdanning/statistikker/utgrs/arkiv
22782
Fleire datamaskiner i grunnskolen
statistikk
2005-12-15T10:00:00.000Z
Utdanning;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
utgrs, Elevar i grunnskolen, barneskolar, ungdomsskolar, kombinerte skolar, spesialundervisning, private skolar, skolestorleik, morsmålsopplæring, målform, bokmål, nynorsk, PC-tilgangGrunnskoler, KOSTRA, Utdanning, Innvandring og innvandrere, Utdanning, Offentlig sektor
false

Elevar i grunnskolen1. oktober 2005, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire datamaskiner i grunnskolen

Med 619 650 elevar vart det på nytt sett rekord i talet på elevar i grunnskolen. Det er også fleire datamaskiner tilgjengeleg for elevane. Skoleåret 2005/06 er det 6,3 elevar per datamaskin med internettilknyting i grunnskolen, det same talet året før var 8,1. Talet på skolar går svakt nedover.

Grunnskolesektoren har aldri vore større, målt i talet på elevar. Det er fylka Østfold, Akershus, Oslo og Rogaland som har hatt ein auke sidan fjoråret, medan resten av landet er tilnærma uendra. Per 1. oktober 2005 var det 619 650 elevar i grunnskolen mot 618 250 året før.

Liten nedgang i talet på skolar

I forhold til fjoråret er det 29 færre grunnskolar.1Den gjennomsnittlege skolestorleiken er i underkant av 196, målt i elevar. Dette er tre elevar fleire enn skoleåret 2004/05. I 1995 var den gjennomsnittlege skolestorleiken på 143 elevar.

1Private skolar godkjend etter Opplæringslova § 2-12, vart tidlegare ikkje omfatta av statistikken. Frå og med skoleåret 2005/06 blir desse rekna med. Det var fem skolar drive av private i Noreg per 1.10.2005, som ikkje er godkjend eller får statstøtte etter Friskolelova, men som er godkjend etter Opplæringslova § 2-12.

Tabeller: