22780_not-searchable
/utdanning/statistikker/utgrs/arkiv
22780
Fleire frittståande grunnskolar
statistikk
2006-05-02T10:00:00.000Z
Utdanning;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
utgrs, Elevar i grunnskolen, barneskolar, ungdomsskolar, kombinerte skolar, spesialundervisning, private skolar, skolestorleik, morsmålsopplæring, målform, bokmål, nynorsk, PC-tilgangGrunnskoler, KOSTRA, Utdanning, Innvandring og innvandrere, Utdanning, Offentlig sektor
false

Elevar i grunnskolen1. oktober 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire frittståande grunnskolar

Dei siste fem åra har det vore ein større auke i talet på frittståande grunnskolar enn åra før. Over 13 000 elevar går no på ein frittståande grunnskole, 32 prosent fleire enn skoleåret 2000/01.

I skoleåret 2005/06 er det 145 frittståande grunnskolar i Noreg. Samanlikna med dei 88 skolane i 2000/01 er det ein auke på 65 prosent. I 2000/01 utgjorde frittståande grunnskolar 2,71 prosent av alle skolane, i 2005/06 er det 4,61 prosent. Samstundes som det blir fleire frittståande grunnskolar er det ein svak nedgang i talet på offentlege grunnskolar.

Frittståande skolar og elevar i frittståande skolar. Skoleåra 1985/86-2005/06

Svak auke i elevtal

Elevtalet i grunnskolen er stabilt med ein svak auke frå 618 200 elevar i 2004/05 til 619 600 i 2005/06. Stigninga i elevtalet ved dei frittståande grunnskolane er noko mindre enn auken i talet på skolar. I 2000/01 hadde dei 10 053 elevar, i 2005/06 er talet 13 269, det tilsvarar ein auke på 32 prosent. Trass i stigninga i talet på elevar i frittståande grunnskolar utgjer dei berre 2,1 prosent av elevane i norske skolar.

Frittståande grunnskolar er skolar som driv etter lov av 4. juli 2003 (Friskolelova). Tidlegare har desse skolane blitt omtala som privatskolar.

1  Rettet 16. mai 2006 kl. 1215.

Tabeller: