Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre grunnskolar
Hausten 2007 vart det registrert nærare 616 400 elevar i 3 100 grunnskolar, ein nedgang på høvesvis 2 650 elevar og 30 grunnskolar. Medan talet på elevar i offentlege skolar gjekk ned, var det ein auke på 900 elevar i private grunnskolar. Elevar i private skolar utgjer 2,3 prosent av elevane.
Av dei 3 100 grunnskolane er 60 prosent barneskolar, 25 prosent kombinerte barne- og ungdomsskolar og 15 prosent ungdomsskolar.
Fleire elevar i private grunnskolar
Ved skolestart hausten 2007 var det ein auke i dei private skolane på 7 skolar og 900 elevar frå førre skoleår. Det er nå 153 private grunnskolar og 14 380 elevar i private grunnskolar. Av det totale talet på grunnskolar og elevar utgjer dette høvesvis 4,9 og 2,3 prosent. Elevtalet i private skolar har auka med 0,1 prosentpoeng. Private skolar blir drivne etter ”Lov om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova)”. Tidlegare har desse skolane vore omtala som frittståande grunnskolar.
Opplæring på morsmål
Nærare 22 100 elevar fekk morsmålsopplæring og/eller tospråkleg opplæring. Det er 3,6 prosent av alle elevane i grunnskolen, same nivå som førre skoleår. Elevar med særskild norskopplæring har også halde seg på same nivå som førre skoleår, med 6,5 prosent av elevane. Det vart registrert morsmålsundervisning og tospråkleg opplæring på 117 ulike språk, i tillegg kjem dei som er registrerte på "anna". Av dei som fekk morsmålsopplæring, var urdu og somalisk dei største språka med om lag 2 500 elevar kvar. Nesten 2 000 elevar fekk opplæring i eller på arabisk.
Målform stabil
I landsamanheng utgjer elevane med nynorsk som målform 13,7 prosent av alle elevane i grunnskolen, ein nedgang på 0,1 prosentpoeng frå 2006. Den største delen nynorskelevar finn vi i Sogn og Fjordane, med 97 prosent. Deretter kjem Møre og Romsdal med 54 prosent og Hordaland med 41 prosent. Elevar med samisk som målform utgjer 0,2 prosent for heile landet. I Finnmark bruker vel 8 prosent av elevane samisk som målform. Også her har det vore ein nedgang på 0,1 prosentpoeng frå 2006.
Tabeller:
- Tabell 1 Grunnskolar, etter skoleslag. Elevar i grunnskoleutdanning. Skoleåra 1979/80-2007/08
- Tabell 2 Elevar i grunnskoleutdanning, etter fylke. Skoleåret 2007/08. Endelege tal
- Tabell 3 Grunnskolelevar og grunnskolar, etter eigarform. Skoleåra 1985/86-2007/08
- Tabell 4 Elevar i grunnskolen, etter årstrinn. Skoleåret 2007/08. Endelege tal
- Tabell 5 Elevar, etter skolestorleik (elevtal). Skoleåra 2002/03-2007/08. Prosent
- Tabell 6 Elevar med morsmålsopplæring, tospråkleg og særskild norskopplæring, etter fylke. 1. oktober 2007
- Tabell 7 Elevar med morsmålsopplæring og særskild norskopplæring. Skoleåra 19921
- Tabell 8 Elever som får morsmålsopplæring og1, etter morsmål. 1. oktober 2007.
- Tabell 9 Elevar, etter elevens målform og fylke. 1. oktober 2007
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Emmie Stolpe Foss
E-post: emmie.foss@ssb.no
tlf.: 40 81 14 30
-
Per Torstein Tuhus
E-post: per.torstein.tuhus@ssb.no
tlf.: 40 81 13 49