Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stadig færre grunnskolar
Hausten 2008 vart det registrert 3 057 grunnskolar, ein nedgang på 45 skolar sidan året før. Dei ti siste åra har talet på grunnskolar gått ned med 220.
Det er dei minste skolane med under 100 elevar det blir færre av. Sidan 2007 har det blitt 40 færre av dei minste grunnskolane. Delen skolar med færre enn 100 elevar har også gått ned dei siste åra, medan delen skolar med fleire enn 300 elevar har gått opp. I 2008 hadde 33 prosent av alle skolane mindre enn 100 elevar, medan 27 prosent av skolane hadde fleire enn 300 elevar. Delen mellomstore skolar har vore stabil dei siste åra, og låg på 40 prosent i 2008. Meir enn halvparten av alle elevane går i skolar med fleire enn 300 elevar, medan berre 8 prosent går i skolar med færre enn 100 elevar.
Talet på elevar går ned
Samstundes med at det blir færre og større grunnskolar blir det også færre elevar. Hausten 2008 vart det registrert 613 800 elevar i grunnskolen. Sidan førre skoleår har elevtalet minka med 2 600. Det er på barnetrinnet det har blitt færre elevar, på ungdomstrinnet har det vore ein liten auke frå fjoråret. Fire fylke hadde oppgang i elevtalet, medan resten hadde nedgang.
Fleire datamaskinar og betre tilgang
Det blir stadig fleire datamaskinar i norske grunnskolar, og delen maskinar med Internett-tilgang aukar. Hausten 2008 blei det registrert meir enn 170 000 datamaskinar med Internett-tilgang, ein auke på nærare 24 000 frå førre skoleåret. Samstundes var det Internett-tilgang på 96 prosent av alle datamaskinar i grunnskolen. Som ei følgje av fleire datamaskinar blei det også betre tilgang til maskinane målt i tal elevar per datamaskin. Det var 3,6 elevar per datamaskin med Internett-tilgang i 2008, året før var det tilsvarande talet 4,2.
Tabeller:
- Tabell 1 Grunnskolar, etter skoleslag. Elevar i grunnskoleutdanning. Skoleåra 1979/80-2008/09
- Tabell 2 Elevar i grunnskoleutdanning, etter fylke. Skoleåret 2008/09. Førebelse tal
- Tabell 3 Elevar i grunnskolen, etter årstrinn. Skoleåret 2008/09. Førebelse tal
- Tabell 4 Skolar, etter elevtal. Skoleåra 2003/04-2008/09. Prosent. Førebelse tal
- Tabell 5 Elevar, etter skolestorleik (elevtal). Skoleåra 2003/04-2008/09. Prosent. Førebelse tal
- Tabell 6 Elevar i grunnskoleutdanning, etter fylke. Skoleåret 2003-2008. Førebelse tal
- Tabell 7 Tilgang på datamaskiner og Internett for elevar i grunnskolen, etter fylke. Skoleåret 2008/09. Førebelse tal
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Elevar i grunnskolen, Årleg.
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Emmie Stolpe Foss
E-post: emmie.foss@ssb.no
tlf.: 40 81 14 30
-
Per Torstein Tuhus
E-post: per.torstein.tuhus@ssb.no
tlf.: 40 81 13 49