Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgangen i talet på grunnskolar held fram
Hausten 2009 blei det registrert nærare 3 000 grunnskolar i Noreg. Det er ein nedgang på 62 skolar frå førre skoleåret.
Hovudårsaka til reduksjonen i talet på skolar er at langt fleire skolar blir lagt ned enn nye blir oppretta. Administrative endringar og samanslåingar av skolar betyr også færre einingar. Det er dei små, kommunale skolane det blir færre av, særleg barneskolar med mindre enn 100 elevar. Det har også blitt noko færre ungdomsskolar det siste året, medan talet på kombinerte skolar har gått noko opp. Sjølv om delen små skolar går ned, hadde framleis 32 prosent av alle grunnskolar færre enn 100 elevar. Til samanlikning var det 27 prosent av alle skolar som hadde 300 elevar eller meir.
Endringar i skolestrukturen gjer at ein stadig mindre del av elevane går i små skolar, medan delen elevar som går i store skolar aukar. Skoleåret 2009/10 var det under 8 prosent som gjekk i skolar med færre enn 100 elevar, medan heile 54 prosent gjekk i skolar med 300 elevar eller meir.
Elevtalet gjekk ned på barnesteget
Det blei registrert nærare 614 000 elevar i grunnskolen 1. oktober 2009. Nasjonalt har elevtalet vore ganske stabilt det siste året, men det gjekk noko ned på barnesteget, og noko opp på ungdomssteget. Fylkesvis er det til dels store skilnader. I Oslo steig elevtalet med over 1 100 elevar, medan elevtalet i Nordland minka med 420 .
Stadig betre tilgang på datamaskinar i grunnskolen
Sidan 2005 har talet for elevar per datamaskin med internettilgang nær blitt halvert frå 6,3 til 3,4.
Tabeller:
- Tabell 1 Grunnskolar, etter skoleslag. Elevar i grunnskolen. Skoleåra 1980/81-2009/10
- Tabell 2 Elevar i grunnskolen, etter fylke. Førebelse tal, 1. oktober 2009
- Tabell 3 Elevar i grunnskolen og grunnskolar, etter eigarform. Skoleåra 1985/86-2009/10
- Tabell 4 Skolar og elevar etter skolestorleik. Skoleåra 2003/04-2009/10. Prosent
- Tabell 5 Elevar med morsmåls-, tospråkleg og tilrettelagt opplæring og elevar med særskild norskopplæring, etter fylke. Førebelse tal, 1. oktober 2009
- Tabell 6 Elevar med morsmåls- og særskild norskopplæring. Skoleåra 1995/96-2009/10
- Tabell 7 Elevar, etter elevens målform og fylke. Førebelse tal, 1. oktober 2009
- Tabell 8 Elevar per datamaskin med Internett-tilgang, etter fylke. Skoleåra 2005/06-2009/10
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Elevar i grunnskolen, Årleg.
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Emmie Stolpe Foss
E-post: emmie.foss@ssb.no
tlf.: 40 81 14 30
-
Per Torstein Tuhus
E-post: per.torstein.tuhus@ssb.no
tlf.: 40 81 13 49