Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
13 prosent har nynorsk som målform
Skoleåret 2009/10 hadde 13 prosent av alle elevane i grunnskolen nynorsk som målform. I løpet av dei siste ti åra har delen elevar med nynorsk som opplæringsmålform gått ned med 2 prosentpoeng.
81 200 elevar i grunnskolen hadde nynorsk som opplæringsmålform per 1. oktober 2009. 88 prosent av desse elevane blei registrerte i dei fire vestlandsfylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I to av fylka, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, var det fleire elevar med nynorsk enn med bokmål. I Sogn og Fjordane hadde heile 97 prosent av elevane nynorsk som opplæringsmålform. Vel 900 elevar hadde samisk som opplæringsspråk, dei aller fleste i Finnmark.
Fleire får særskild norskopplæring
Hausten 2009 fekk 41 500, eller nærare 7 prosent, av elevane særskild norskopplæring. Det er ein auke på 700 frå førre skoleår. Drygt 30 prosent av elevane som fekk særskild norskopplæring, gjekk på skole i Oslo.
Talet elevar med morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring eller tilrettelagt opplæring har berre hatt ein liten auke det siste året og har vore stabilt dei siste fire åra. 22 335, eller 3,6 prosent, av elevane fekk slik opplæring per 1. oktober 2009.
Tabeller:
- Tabell 1 Grunnskolar, etter skoleslag. Elevar i grunnskolen. Skoleåra 1980/81 - 2009/10
- Tabell 2 Elevar i grunnskolen, etter fylke. Endelege tal, 1. oktober 2009
- Tabell 3 Elevar i grunnskolen og grunnskolar, etter eigarform. Skoleåra 1985/86-2009/10
- Tabell 4 Skolar og elevar etter skolestorleik. Skoleåra 2003/04-2009/10. Prosent
- Tabell 5 Elevar med morsmåls-, tospråkleg og tilrettelagt opplæring og elevar med særskild norskopplæring, etter fylke. Endelege tal, 1. oktober 2009
- Tabell 6 Elevar med morsmåls- og særskild norskopplæring. Skoleåra 1995-2010
- Tabell 7 Elevar, etter elevens målform og fylke. Endelege tal, 1. oktober 2009
- Tabell 8 Elevar per datamaskin med Internett-tilgang, etter fylke. Skoleåra 2005/06-2009/10
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Emmie Stolpe Foss
E-post: emmie.foss@ssb.no
tlf.: 40 81 14 30
-
Per Torstein Tuhus
E-post: per.torstein.tuhus@ssb.no
tlf.: 40 81 13 49