Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Kvinner og innvandrarar i næringslivet
Ein av tre som i dag etablerer enkeltpersonføretak (ENK) er kvinner. Dei kvinnelege etablerarane vel tradisjonelt, og dei er å finne innanfor næringsområde som er kvinnedominerte. Kvart fjerde enkeltpersonføretak i Noreg har kvinneleg innehavar. Ein av ti styrerepresentantar i allmennaksjeselskap (ASA) er kvinne. Dette syner den nye offisielle statistikken frå Statistisk sentralbyrå.
Eigarskap og roller i næringslivet
Statistisk sentralbyrå (SSB) arbeider med utvikling av ny statistikk på området eigarskap og roller i næringslivet i samarbeid med fleire departement mellom anna Næringsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Barne- og familiedepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet. Kjeldegrunnlaget for statistikksystemet er Einingsregisteret i Brønnøysundregistra med rolleinformasjon om fysiske personar, Bedrifts- og føretaksregisteret i SSB samt data frå personstatistikksystemet til SSB. Statistikken vil omfatte tema som næringsliv og likestilling og næringsliv og innvandrarar med vekt på eigarskap og roller knytt til etablering av verksemd, etableraren -kven er det? samt skildring av kompetanseprofilar og alders- og kjønnsprofilar knytt til tilsette innanfor ulike delar av næringslivet. Publiseringa denne gongen retter seg mot kvinner og innvandrarar i personleg åtte selskap samt styrerepresentasjon i ASA. Definisjonar og avgrensing av statistikken: Sjå Om statistikken. Annan statistikk om føretak og føretaksdemografi frå Bedrifts- og føretaksregisteret er på denne adressa: http://www.ssb.no/emner/10/01/ . |
Kvart tredje enkeltpersonføretak blir etablert av ei kvinne
I 2003 vart det etablert rundt 39 000 nye føretak. Av desse er om lag 27 000 enkeltpersonføretak, nær 900 ansvarlege selskap (ANS) og knapt 1 500 selskap med delt ansvar (DA). Den største gruppa som ikkje er med her er aksjeselskap (AS). Kvart tredje ENK som vart etablert i 2003 hadde kvinneleg innehavar. Tilsvarande vart om lag kvart femte ANS og DA etablert med ein eller fleire kvinnelege deltakarar.
Tradisjonelle val i nyetableringar
Når kvinner etablerer seg som næringsdrivande, vel dei tradisjonelle næringar. Det er flest kvinner innanfor helse- og sosialtenester og andre sosiale og personlege tenester. Dei andre næringane er dominert av menn. Innanfor bygg og anlegg finn vi berre eit fåtal kvinner. Den same trenden held fram innanfor nyetableringane. Om vi ser på enkeltpersonføretak, står kvinner berre for 3 prosent av nyetableringane innanfor byggje- og anleggsverksemd, medan to av tre nyetablerte enkeltpersonføretak innanfor helse- og sosialtenester har kvinneleg innehavar.
Ein av ti styrerepresentantar er kvinne
Ved inngangen til 2004 var det i Noreg 552 allmennaksjeselskap med til saman 2 813 styrerepresentantar. Berre 254 av styrerepresentantane er kvinner, det vil seie færre enn kvar tiande styrerepresentant. Og kvinnedelen er enda lågare for styreleiarar med under 3 prosent (14 av 546). I 2003 vart det etablert 14 nye allmennaksjeselskap. Også her er under 10 prosent av styrerepresentantane (6 av 65) kvinner, og berre ein av dei 14 styreleiarane er ei kvinne.
Kvar finn vi innvandrarbefolkninga?
Flest personar frå innvandrarbefolkninga finn ein innanfor næringsområda forretningsmessig tenesteyting og eigedomsdrift, hotell- og restaurantverksemd og varehandel. Kvar tredje enkeltpersonføretak innanfor hotell- og restaurantverksemd har ein innvandrar som innehavar. Innanfor industri, finansiell tenesteyting og forsikring er derimot innvandrarbefolkninga lågt representert. Dette syner seg òg i nyetableringane. Her har fire av ti nyetablerte enkeltpersonføretak innanfor hotell- og restaurantverksemd ein innehavar som er innvandrar.
Meir i statistikkbanken
I Statistikkbanken vil ein etter kvart finne føretak per 1. januar 2004 og nyetableringar i 2003 og rolleinnehavarar etter næring, organisasjonsform, fylke, storleiksgrupper etter talet på tilsette, kjønn, alder og utdanning.
Se også magasinartikkelen:
"Mange innvandrere etablerer eget foretak"
Se også artikkel i Samfunnsspeilet:
"Hvor er kvinnene i næringslivet?"
Tabeller:
- Tabell 1 Enkeltpersonføretak, Ansvarleg selskap og Selskap med delt ansvar, etter rolleinnehavar, kjønn og næring. 1. januar 2004
- Tabell 2 Enkeltpersonføretak, Ansvarleg selskap og Selskap med delt ansvar, etter rolleinnehavar, kjønn og næring. 1. januar 2004. Prosent
- Tabell 3 Enkeltpersonføretak, Ansvarleg selskap og Selskap med delt ansvar, etter rolleinnehavar, kjønn og næring. Nyetableringar. 2003
- Tabell 4 Enkeltpersonføretak, Ansvarleg selskap og Selskap med delt ansvar, etter rolleinnehavar, kjønn og næring. Nyetableringar. 2003. Prosent
- Tabell 5 Enkeltpersonføretak, Ansvarleg selskap og Selskap med delt ansvar, etter rolleinnehavar, kjønn og tal på tilsette. 1. januar 2004
- Tabell 6 Enkeltpersonføretak, Ansvarleg selskap og Selskap med delt ansvar, etter rolleinnehavar, kjønn og talet på tilsette. 1. januar 2004. Prosent
- Tabell 7 Innehavarar i Enkeltpersonføretak , etter kjønn og utdanningsnivå. 1. januar 2004
- Tabell 8 Innehavarar i Enkeltpersonføretak, etter kjønn og utdanningsnivå. Nyetableringar. 2003
- Tabell 9 Allmennaksjeselskap, etter rolleinnehavar, kjønn og næring. 1. januar 2004
- Tabell 10.-ny Allmennaksjeselskap, etter rolleinnehavar, kjønn og næring. Nyetableringar. 2003
- Tabell 11 Allmennaksjeselskap, etter rolleinnehavar, kjønn og tal på tilsette. 1. januar 2004
- Tabell 12 Styrerepresentantar i Allmennaksjeselskap, etter kjønn og utdanningsnivå. 1. januar 2004
- Tabell 13 Styrerepresentantar i Allmennaksjeselskap, etter kjønn og alder. 1. januar 2004
- Tabell 14 Enkeltpersonføretak, Ansvarleg selskap og Selskap med delt ansvar, etter rolleinnehavar, innvandringskategori og næring. 1. januar 2004
- Tabell 15 Enkeltpersonføretak, Ansvarleg selskap og Selskap med delt ansvar, etter rolleinnehavar, innvandringskategori og næring. 1. januar 2004. Prosent
- Tabell 16 Enkeltpersonføretak, Ansvarleg selskap og Selskap med delt ansvar, etter rolleinnehavar, innvandringskategori og næring. Nyetableringar. 2003
- Tabell 17 Enkeltpersonføretak, Ansvarleg selskap og Selskap med delt ansvar, etter rolleinnehavar, innvandringskategori og næring. Nyetableringar. 2003. Prosent
- Tabell 18 Enkeltpersonføretak, Ansvarleg selskap og Selskap med delt ansvar, etter rolleinnehavar, innvandringskategori og tal på tilsette. 1. januar 2004
- Tabell 19 Enkeltpersonføretak, Ansvarleg selskap og Selskap med delt ansvar, etter rolleinnehavar, innvandringskategori og tal på tilsette. 1. januar 2004. Prosent
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
E-post: hakon.skullerud@ssb.no
tlf.: 41 43 59 39
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35