Føretak

Oppdatert: 6. november 2024

Neste oppdatering: Foreløpig ikkje fastsett

Nye føretak
Nye føretak
3. kvartal 2024
15 692
 
Antall føretak
Antall føretak
3. kvartal 20242. kvartal 2024 -3. kvartal 20243. kvartal 2023 -3. kvartal 2024
Nye føretak (antall og prosent)15 6922,8-8,0
Aksjeselskap (AS)6 697-1,0-4,1
Enkeltpersonforetak8 4716,0-12,2
Standardteikn i tabellar

Utvalde tabellar og figurar frå denne statistikken

  • Aktive føretak, etter storleik.

  • Nyetablerte aktive foretak og overlevelse inntil 5 år

  • Føretak, etter vekst i talet på lønnstakarar

  • Nye føretak, etter kvartal og organisasjonsform
    Nye føretak, etter kvartal og organisasjonsform
    1. kvartal 20232. kvartal 20233. kvartal 20234. kvartal 20231. kvartal 20242. kvartal 20243. kvartal 2024
    I alt20 38715 27717 06216 19215 69015 25815 692
    Ansvarlig selskap26172220262321
    Aksjeselskap (AS)8 5236 1526 9826 8447 1026 3196 697
    Allment aksjeselskap (ASA)0000110
    Selskap med delt ansvar (DA)14279102731007589
    Enkeltpersonforetak11 3908 8169 6459 0278 2008 5598 471
    Norsk avdeling av utenlandsk foretak170112160130167177156
    Andre organisasjonsformer1361011519894104258
    Standardteikn i tabellar
  • Aktive føretak og sysselsette, etter næringshovedområde.
    Aktive føretak og sysselsette, etter næringshovedområde.
    2023Prosentvis endring fra året før
    Talet på føretakSysselsetteTalet på føretakSysselsette
    Alle næringar337 6231 667 8763,81,1
    Bergverksdrift, utvinning og industri19 379295 8160,72,5
    Forsyning av vatn, avløps- og renovasjonsverksemd1 31210 6541,02,1
    Byggje- og anleggsverksemd59 996268 3300,50,3
    Varehandel, reparasjon av motorvogner48 344388 649-1,60,8
    Transport og lagring22 160149 8762,34,7
    Overnattings- og serveringsverksemd13 375127 1072,010,2
    Informasjon og kommunikasjon22 024111 6992,92,2
    Omsetning og drift av fast eigedom57 01032 6622,81,5
    Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting57 891159 4901,83,5
    Forretningsmessig tenesteyting23 036146 5250,12,8
    Uoppgitt4 9881 85114,244,7
    Standardteikn i tabellar
  • Aktive føretak og sysselsette, etter størrelse.
    Aktive føretak og sysselsette, etter størrelse.
    20222022Prosentvis endring fra året før
    Talet på føretakSysselsetteTalet på føretakSysselsette
    I alt325 2511 650 0341,14,9
    0 sysselsette, eller inga rapportering140 60200,8.
    1-4 sysselsette134 328215 6341,0-0,3
    5-9 sysselsette24 265159 431-0,8-1,3
    Minst 10 sysselsette26 0561 274 9695,26,6
    I alt325 2511 650 0341,14,9
    Har ikkje omsetning, eller inga rapportering4 64128 968-50,9-24,5
    1 000 - 4 999 000 kr i omsetning251 986215 9832,1-3,0
    5 000 000 - 9 999 000 kr i omsetning23 384102 0452,71,8
    Minst 10 000 000 kr i omsetning45 2401 303 0385,97,5
    Standardteikn i tabellar
  • Nyetablerte og overlevde føretak, etter etableringsår og alder.
    Nyetablerte og overlevde føretak, etter etableringsår og alder.
    Antall nyetablerte foretak1 år2 år3 år4 år5 år
    201829 49524 17220 55717 72515 73912 456
    201932 54826 19422 62819 87714 598.
    202033 40127 31323 89616 853..
    202146 80932 65921 323...
    202237 30122 363....
    202343 891.....
    Standardteikn i tabellar
  • Nyetablerte føretak og overlevingsgrad, etter næringshovedområde og alder.
    Nyetablerte føretak og overlevingsgrad, etter næringshovedområde og alder.
    Antall nyetablerte føretakOverlevde (prosent av nyetablerte)
    1 år2 år3 år4 år5 år
    2023
    Alle næringar43 89160,045,650,544,942,2
    Bergverksdrift, utvinning og industri2 20658,054,059,151,450,8
    Forsyning av vatn, avløps- og renovasjonsverksemd8072,669,658,865,462,7
    Byggje- og anleggsverksemd6 68769,861,954,447,442,4
    Varehandel, reparasjon av motorvogner4 68166,757,757,049,146,1
    Transport og lagring2 76478,367,352,947,543,1
    Overnattings- og serveringsverksemd1 58078,369,661,650,145,1
    Informasjon og kommunikasjon3 66051,845,846,441,542,7
    Omsetning og drift av fast eigedom5 68747,546,741,245,040,1
    Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting9 47754,048,548,941,241,6
    Forretningsmessig tenesteyting3 30155,752,551,642,844,3
    Uoppgitt1 86438,96,329,439,111,5
    Standardteikn i tabellar
  • Nyetablerte føretak og deira overleving , etter organisasjonsform og alder.
    Nyetablerte føretak og deira overleving , etter organisasjonsform og alder.
    Antall nyetablerte føretakOverlevde (prosent av nyetablerte)
    1 år2 år3 år4 år5 år
    Alle organisasjonsformer
    201829 49682,970,560,954,042,8
    201932 54880,569,661,144,7
    202033 40282,272,051,0
    202146 80970,246,4
    202237 30160,2
    202343 891
    Aksjeselskap og allmennaksjeselskap
    201818 04184,875,667,560,949,2
    201917 40185,577,569,455,6
    202018 79487,178,660,0
    202127 40364,648,9
    202218 98869,0
    202323 252
    Enkeltpersonføretak
    201810 92280,362,850,943,433,5
    201914 67374,860,751,633,3
    202013 54176,663,841,8
    202118 87578,242,8
    202217 86251,1
    202316 043
    Andre organisasjonsformer
    201853372,256,143,536,625,3
    201947475,557,646,433,3
    20201 06768,659,819,0
    202153174,442,7
    202245152,5
    20232 675
    Standardteikn i tabellar
  • Føretak, sysselsette ved periodestart og sysselsette ved periodeslutt, etter vekst i talet på lønnstakarar. Føretak som hadde 10 eller fleire lønnstakarar ved periodestart, som er minst 4 år gamle.
    Føretak, sysselsette ved periodestart og sysselsette ved periodeslutt, etter vekst i talet på lønnstakarar. Føretak som hadde 10 eller fleire lønnstakarar ved periodestart, som er minst 4 år gamle.
    I altSvært høg vekst i lønnstakarar (20 prosent eller høgare)Høg vekst i lønnstakarar (10 til 19 prosent)Stabilt tal på lønnstakarar (-9 til 9 prosent)Stor nedgang i lønnstakarar (-19 til -10 prosent)Svært stor nedgang i lønnstakarar (-20 prosent eller lågare)
    2023
    Talet på føretak
    I alt116 08711 11710 15352 8105 96118 230
    1-4 lønnstakarar69 9388 3764 79726 6112 22015 176
    5-9 lønnstakarar22 2831 5513 00111 3301 8351 978
    Minst 10 lønnstakarar23 8671 3463 08314 8631 3211 158
    Sysselsette ved periodestart
    I alt1 462 32374 490115 340949 53080 88498 096
    1-4 lønnstakarar149 00615 68713 63954 0926 97932 451
    5-9 lønnstakarar147 37910 10119 89175 76611 93412 693
    Minst 10 lønnstakarar1 165 89344 41874 032819 12559 54852 792
    Sysselsette ved periodeslutt
    I alt1 427 476184 511169 056982 96151 13823 580
    1-4 lønnstakarar128 60940 01019 72353 8014 7149 437
    5-9 lønnstakarar134 53324 01229 16476 5007 6753 005
    Minst 10 lønnstakarar1 171 858110 464112 110852 54237 29811 307
    Standardteikn i tabellar
  • Føretak, sysselsette ved periodestart og sysselsette ved periodeslutt, etter vekst i talet på lønnstakarar. Føretak som hadde 10 eller fleire lønnstakarar ved periodestart, som er 4 til 5 år gamle.
    Føretak, sysselsette ved periodestart og sysselsette ved periodeslutt, etter vekst i talet på lønnstakarar. Føretak som hadde 10 eller fleire lønnstakarar ved periodestart, som er 4 til 5 år gamle.
    I altSvært høg vekst i lønnstakarar (20 prosent eller høgare)Høg vekst i lønnstakarar (10 til 19 prosent)Stabilt tal på lønnstakarar (-9 til 9 prosent)Stor nedgang i lønnstakarar (-19 til -10 prosent)Svært stor nedgang i lønnstakarar (-20 prosent eller lågare)
    2023
    Talet på føretak
    I alt16 6792 6061 3345 6015022 746
    1-4 lønnstakarar12 5902 0567664 0562272 386
    5-9 lønnstakarar2 538322387851150246
    Minst 10 lønnstakarar1 54918118169737134
    Sysselsette ved periodestart
    I alt81 40410 1379 07432 6033 37110 178
    1-4 lønnstakarar24 6563 8442 1916 9927154 675
    5-9 lønnstakarar16 4852 0542 5225 6129201 594
    Minst 10 lønnstakarar40 1734 3594 36020 2451 8543 802
    Sysselsette ved periodeslutt
    I alt80 40528 79513 42733 6362 1322 358
    1-4 lønnstakarar22 48810 7553 2387 0114741 121
    5-9 lønnstakarar16 0485 5453 7755 781586387
    Minst 10 lønnstakarar41 91912 0716 45921 0451 157931
    Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Statistikken viser årlege tal på aktive, nyetablerte og avslutta føretak, samt i kva grad nyetablerte føretak overlever og i kva grad føretak veks. Dessutan viser statistikken sysselsetting og lønstakarar i føretaka. Den viser og kvartalsvise tal på nye føretak.

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 18. august 2023.

Føretak: Eit føretak er definert som den minste kombinasjonen av juridiske einingar som produserer varer eller tenester, og som til ein viss grad har sjølvstendig makt til å fatte avgjersler (autonome). Juridiske einingar som ikkje er autonome (t.d. hjelpeeiningar) er slått saman med den autonome juridiske eininga den yter tenester til, slik at desse til saman utgjer eit føretak.

Verksemd: Ei verksemd er definert som ei lokalt avgrensa funksjonell eining som hovudsakeleg driver med aktivitetar innanfor ei viss næringsgruppe. Ei verksemd er ein undereining av den juridiske eininga. I Eurostat-samanheng svarar dette til «local kind-of-activity unit».

Aktivitet: Aktivitet er eit mål på om føretaket var i drift eller ikkje, og i kor stor grad. I versjonane «føretak med aktivitet» og «registrerte føretak» er aktivitet kjenneteikna ved sysselsetting eller omsetning i løpet av året, og i versjonen «føretak med lønstakarar» er aktivitet kjenneteikna ved at føretaket hadde lønstakarar i løpet av året. I versjonen «registrerte føretak» er også registreringa av føretaket regnet som aktivitet.

Nytt føretak: Nye føretak omfattar alle førstegongsetableringar og reaktiveringar av føretak. Eigarskifte reknast som nye føretak, men det gjer ikkje overdragingar.

Nyetablering: Nyetableringar omfattar alle nye føretak, unntatt etableringar ved eigarskifte (og overdragingar).

Førstegongsetablering: eit føretak reknast som førstegongsetablert i versjon «føretak med aktivitet», «føretak med lønstakarar» og «føretak med aktivitet (unntatt oppdragstakarar)» det første året det hadde aktivitet, og i versjon «registrerte føretak» i gyldigheitsåret for den første opplysninga om føretaket i SSBs Verksemds- og føretaksregister (VoF) eller stiftingsåret (gjelder berre AS) dersom dette var tidlegare. Eigarskifte kan reknast som førstegongsetablering, men ikkje overdragingar.

Reaktivering: Reaktiveringar er føretak som blir aktive igjen etter minst 2 års inaktivitet. Overdragingar er unntatt.

Overdraging: ei overdraging skjer det året eit føretak startar eller gjenopptek aktiviteten, dersom følgjande tre tilleggskriterier er oppfylte: 1) Føretaket overtek same år, eller året før, alle sine verksemder frå berre eitt anna føretak. 2) Det andre føretaket avgjev alle sine verksemder til det første. 3) Det andre føretaket blir samtidig lagt ned eller blir inaktivt i minst 2 år. Ei overdraging er i praksis ei rein vidareføring av eksisterande aktivitet, og reknast derfor ikkje som nytt føretak.

Eigarskifte: Eigarskifte skjer det året eit føretak blir førstegongsetablert eller reaktivert, dersom minst eitt av følgande tre tilleggskriterier er oppfylte: 1) Føretaket overtek same år, eller året før, verksemder frå fleire føretak. 2) Avgjevande føretak avgjev verksemder til fleire føretak. 3) Avgjevande føretak fortsett å være aktivt. Eit eigarskifte inneber opprettinga av ei ny organisatorisk eining som i ulik grad vidarefører eksisterande aktivitet. Eigarskifte reknast derfor som nytt føretak, men ikkje som nyetablering. Overdragingar reknast ikkje som eigarskifte, og heller ikkje anskaffing av verksemder frå andre føretak i andre år enn etableringsåret. For eigarskifte i forbinding med opphøyr av føretak, sjå opphøyrde føretak.

Overleving: eit nyetablert føretak i år t har overlevd i år t+n (n>=1) dersom det hadde aktivitet i t+n og samanhengande inaktivitet i maksimalt 1 år i perioden mellom t og t+n. Overleving kan deles inn i to kategoriar: 1. Direkte overleving skjer når det er same føretak som innehar aktiviteten i år t+n. 2. Overleving ved overdraging skjer når eit anna føretak har overtatt verksemda i tråd med definisjonen av overdraging. Det opphavelege føretaket sin næringskode, storleiksgruppe, organisasjonsform og regiontilhøyrsle blir behaldt.

Sovande føretak: Sovande føretak er kjenneteikna ved at dei er inaktive gjennom éin heil årgang, og deretter blir aktive igjen. Føretak som er sovande i statistikkens siste endelege årgang eller i årgangen med foreløpige tall, er midlertidig klassifisert som ikkje overlevde i desse årgangane, da det manglar sikker informasjon om aktivitet i den påfølgande årgangen på det tidspunktet statistikken blir publisert. Ved neste publisering, når det føreligg sikker informasjon om aktivitet i oppvakningsåret, blir føretaka overførte til kategorien sovande føretak i den årgangen dei var inaktive. Frå oppvakningsåret reknast dei igjen som overlevde.

Vakna føretak: Vakna føretak er føretak som er blitt aktive igjen, etter tidlegare å ha vært sovande.

Opphøyrde føretak: Eit føretak reknast som opphøyrt det siste året det hadde aktivitet, eller det siste året med aktivitet før ein periode på minst to år utan aktivitet. Føretak kor verksemder er overtatt av andre føretak i forbinding med opphøyret, inkludert fusjon, reknast som opphøyrt ved eigarskifte. Andre opphøyr reknast som nedleggingar. Dersom kriteria for overdraging er oppfylte, reknast ikkje avviklinga av føretaket som opphøyr, sidan aktiviteten i praksis er vidareført.

Nedlagte føretak: Føretak kor hele aktiviteten er opphøyrt, i motsetning til opphøyr ved eigarskifte kor deler av aktiviteten er vidareført i eitt eller fleire andre føretak. Se «opphøyrde føretak» for ytterlegare forklaring.

Vekst: Vekst er definert som auke i omsetning eller talet på sysselsette frå året før.

Høgvekstføretak: Høgvekstføretak er definert som alle føretak i føretaksdemografien som over ein periode på tre år har ein gjennomsnittleg årleg vekst på minst 10 prosent. Vekst blir målt både i omsetning, sysselsetting og talet på lønstakarar. Føretaka skal i periodens startår ha minst 10 lønstakarar, og være etablert seinast året før periodens startår, dvs. være minst 4 år gamle.

Høgvekst-mikro-føretak: Høgvekst-mikro-føretak er høgvekstføretak med 1-9 lønstakarar i periodens startår. Høgvekst er definert på to ulike måtar: 1) Som for vanlege høgvekstføretak. 2) Vekst på minst 3,31 sysselsette eller lønstakarar – i praksis minst 4 fordi mikrodataa er avrunda – i løpet av treårsperioden. Inntil vidare er det berre høgvekst-mikro-føretak etter definisjon 1) som er publisert.

Potensielle høgvekstføretak: Potensielle høgvekstføretak er alle føretak med minst 10 lønstakarar i periodens startår, som blei etablert seinast året før periodens startår, dvs. er minst 4 år gamle. Tilsvarande for potensielle høgvekst-mikro-føretak.

Gasellar: Gasellar er 4 eller 5 år gamle høgvekstføretak.

Mikro-gasellar: Mikro-gasellar er 4 eller 5 år gamle høgvekst-mikro-føretak.

Potensielle gasellar: Potensielle gasellar er 4 eller 5 år gamle potensielle høgvekstføretak. Tilsvarande for potensielle mikro-gasellar.

Sysselsette: Sysselsettingstala viser eit gjennomsnitt av talet på sysselsette i referanseuka til fem utvalde månader i året. Sysselsette er definert som personar med inntektsgjevande arbeid av minst éin times lengde i referanseuka, samt personar med midlertidig fråvær frå slikt arbeid, og omfattar lønstakarar og sjølvstendig næringsdrivande (dvs. sysselsette eigarar). Ein person kan være sysselsett i fleire føretak.

Lønstakarar: Lønstakarar er definert som alle som mottar kompensasjon i form av lønn o.l. for arbeid av minst éin times lengde i referanseuka, inkludert oppdragstakarar. Dette samsvarer med definisjonen av employees i Eurostat. Sjølvstendig næringsdrivande er ikkje inkluderte.

Tilsette: Tilsette omfattar alle lønstakarar som føretaket har arbeidsgjevaransvar for. Oppdragstakarar er ikkje inkludert.

Oppdragstakarar: Oppdragstakarar omfattar frilansarar og personar som mottar honorar for arbeid av minst éin times lengde i referanseuka.

Omsetning: Omsetning er definert som summen av godtgjering for sal til kundar, avanse ved sal av handelsvarer og bruttoinntekt av anna næringsverksemd. Omsetning inkluderer leigeinntekter og provisjonsinntekter, men ikkje offentlege tilskot, meirverdiavgift eller gevinst ved sal av anleggsmidlar. I finansielle næringar og forsikring (næring K) blir også alternative størrelsar som t.d. driftsinntekter brukte for å avgjere om føretaka er aktive, dersom dei manglar sysselsette.

Organisasjonsform: Motsvarar selskapsform i Einingsregisteret i Brønnøysund (ER). Her blir det bl.a. skilt mellom einskildpersonføretak (ENK), aksjeselskap (AS og ASA) og andre organisasjonsformer som NUF og ansvarleg selskap (ANS og DA). Tabellar basert på etableringsår viser organisasjonsforma i etableringsåret, mens tabellar basert på overlevingsår viser organisasjonsforma i overlevingsåret.

Lokalisering: Føretaket er lokalisert til fylke og kommune ut frå føretakets forretningsadresse. I føretak med verksemd på fleire steder, vil føretaket være lokalisert der hovudkontoret ligg. Tabellar basert på etableringsår viser lokaliseringa i etableringsåret, mens tabellar basert på overlevingsår viser Lokaliseringa i overlevingsåret.

Standard for næringsgruppering (SN2007)
Gjeldande Standard for næringsgruppering (SN2007) i SSB, som byggjer på EUs standard NACE Rev.2. Næringsstandarden gjeld frå og med statistikkåret 2008. Næringsstandarden finst her.

Standard for inndeling av føretak etter storleiksgruppe

Standard for organisasjonsform

Føretak

Foreløpig ikkje fastsett

421 Seksjon for FoU, teknologi og næringslivets utvikling

Nasjonalt og fylke.

Føretaksstatistikken blir publisert årleg med foreløpige tal for år t og opphørte føretak for årene t-1 og t-2. Endelege tal blir publisert for året før. Nye registrerte føretak i år t er imidlertid endelige. Nye registrerte føretak blir og publisert kvartalsvis, om lag fem uker etter at kvartalet er slutt.

Føretak etter kjennetekn ved dei tilsette vart publisert årleg fram til 2017, men er utsatt på ubestemt tid.

Statistikk over årleg aktive føretak, nyetableringar og nedleggingar blir rapportert til Eurostat. Aktivitet er definert som høvesvis føretak med sysselsette, omsetning eller investeringer og føretak med lønstakarar.

Det blir og rapportert tal på nye føretak per kvartal.

Tala som blir rapportert til Eurostat, tilsvarar i hovedsak dei som blir publisert på www.ssb.no/foretak.

Bearbeidede mikrodata lagres midlertidig som datasett i programspråket SAS og langtidslagres som tekstfiler. Dataprogrammer lagres på Windows-disk i SSBs mappestruktur.

Første nasjonale publisering var i desember 2004, med føretak definert som nyetablerte det året dei blei registrerte, og overlevande dersom dei hadde aktivitet i form av sysselsette og/eller omsetning. Første forordna rapportering til EU var i 2014 (telleår 2012), med føretak definert som nyetablerte høvesvis det året dei blei aktive første gong og eventuelle år kor dei blei reaktivert etter minst to års inaktivitet, og som overlevande alle påfølgande samanhengande år med aktivitet. Aktivitet blei definert på to ulike måtar, som sysselsette og/eller omsetning og som lønstakarar, og det blei rapportert seriar basert på kvar av dei to definisjonane.

I 2023 blei den nasjonale årlege statistikken lagt om, og hovudendringa var at statistikken nå inneheld fire versjonar av tala, kor nyetablerte føretak og aktivitet er definert på kvar sin måte – i tråd med høvesvis den tidlegare nasjonale statistikken og dei to definisjonane til EU – samt ein versjon der brotet ved innføring av A-ordninga i 2015 er redusert til eit lågast mogleg nivå. Versjonane omfattar:

  • Registrerte føretak: Føretak reknast som nye ved registrering og ved gjenoppteken aktivitet i form av sysselsetting, omsetning eller investering. Overleving er definert ved fortsett aktivitet.
  • Føretak med aktivitet: Føretak reknast som nye ved ny eller gjenoppteken aktivitet i form av sysselsetting, omsetning eller investeringar. Overleving er definert ved fortsett aktivitet.
  • Føretak med lønstakarar: Føretak reknast som nye ved ny eller gjenoppteken aktivitet i form lønstakarar. Overleving er definert ved fortsett aktivitet (lønstakarar).
  • Føretak med aktivitet (aktivitet målt utan oppdragstakarar): Same definisjonar som i versjon «aktive føretak», med unntak av at sysselsetting er målt utan oppdragstakarar og tilsette i svært små stillingar (< 4 timer per uke).

Andre endringar er at tabellar over nyetablerte føretaks overleving og vekst, samt tabellar som viser høgvekstføretak og gasellar, blir nå vist her saman med resten av føretaksdemografien. Det er dessutan lagd nye tabellar med endra innhald for dei årlege tala, og berekningane er lagt om, mellom anna for å følgje EUs definisjon av føretak, noko som fører til endring i tala. I tillegg blir det nå, saman med høgvekstføretak, publisert tal for føretak med stabil utvikling og føretak med stor nedgang. Endringane er tilbakeført gjennom tidsseriane.

Foreløpige tall for 2022, tall for opphøyrde føretak og omsetning, samt meir detaljerte tabellar med bl.a. regionfordeling vil bli publisert i november 2023.

Den kvartalsvise statistikken er ikkje lagt om, og publiseres kun i én versjon som samsvarar med «registrerte foretak».

Brukare av statistikken er offentleg forvaltning, forskingsmiljø, næringslivet og media. Den inngår òg som datagrunnlag i statistikken Etablerarar i næringslivet.

Prinsipper for likebehandling

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på www.ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen.

Populasjonen og berekninga av overleving er, vanlegvis, den same som i etablerarar i næringslivet – ein personstatistikk over gründerverksemd, for dei organisasjonsformene som er dekket av denne. Etter omlegginga av føretaksdemografien vil det likevel være avvik fram til etablerarstatistikken også er lagt om.

Statistikken er samordna med strukturstatistikkane (NØKU) på fleire måtar. For dei føretaka som er omfatta av NØKU, blir dei same tala brukt for omsetning, sysselsetting og lønstakarar. I tillegg brukast same avgrensing av marknadsretta aktivitet som i NØKU, basert på næring, organisasjonsform, sektorkode, registrering i ER, statuskode og føretakstype. dei to sistnemnde variablane er interne for SSBs verksemds- og føretaksregister (VoF), og viser mellom anna om føretaket har ein registrert aktivitet, og om det er eit hjelpeføretak, holdingføretak, mv. Små avvik mellom dei to statistikkane kan førekomme, som følgje av at føretaksstatistikken bruker andre datauttak frå VoF enn NØKU. For føretak som ikkje er omfatta av NØKU, blir registerberekna omsetning i VoF, subsidiært driftsinntekter, eller driftskostnader for næring 64, frå næringsoppgåve eller årsrekneskap brukt som tal for omsetning.[H1] I samband med omlegginga frå gamal til ny EU-forordning for næringsstatistikk kan det i ein overgangsperiode oppstå mindre avvik mellom føretaksstatistikken og NØKU.

Sysselsette og lønstakarar avviker noko i definisjonar og metode frå SSBs arbeidsmarknadsstatistikk, og det vil derfor være forskjellar i tala. Føretaksdemografien følgjer definisjonane som blir brukt i NØKU, og som er gitt i EUs forordning for næringsstatistikk (EBS-forordninga).

Talet på føretak avviker frå tala som blir publisert hos Brønnøysundregistrene (BR). Avvik frå Føretaksregisteret (FR), som er ein del av BR, skuldast særleg at FR ikkje omfattar alle juridiske einingar som driv næringsverksemd, da einskildpersonføretak utan lønstakarar ikkje er pliktige til å registrere seg i FR. Derimot blir overdragingar og eigarskifte haldne utanom i nokon av SSBs tabellar, mellom anna nyetablerte føretaks overleving og vekst. Talet avviker òg frå talet på juridiske einingar i Einingsregisteret (ER), sidan ER inkluderer juridiske einingar utan næringsverksemd. I tillegg er føretak i SSBs statistikk definert som autonome einingar, og hjelpeeiningar er derfor slått saman med den autonome juridiske eininga dei yter hjelpetenester til. I BR er det derimot den juridiske eininga som blir registrert.

Ikkje relevant

Commission Regulation (EC) No 251/2009 of 11 March 2009.

Commission Regulation (EC) No 439/2014 of 29 April 2014.

Beregningsmetode og definisjoner i «Eurostat − OECD Manual on Business Demography Statistics. Methodologies and working papers. ISBN 978-92-79-04726-8».

Statistikken omfattar næringsretta aktivitet i alle næringar etter Standard for næringsgruppering (SN2007), unntatt primærnæringane (næring 01, 02 og 03) og offentleg administrasjon og forsvar (næring 84).

Næringsretta aktivitet er avgrensa på bakgrunn av næring, organisasjonsform, sektorkode, registrering i ER, statuskode og føretakstype. Norske avdelingar av utanlandske føretak (NUF) og frivillige organisasjonar (FLI) som ikkje er registrert i Føretaksregisteret (FR) i Brønnøysund, driver ikkje næringsretta aktivitet og blir derfor haldne utanfor statistikken. Andre juridiske personar (ANNA) blir òg haldne utanfor, med mindre dei driv pensjonskasser (næring 65.300). Det same gjeld andre juridiske einingar som openbart ikkje driv næringsverksemd. Statistikken omfattar heller ikkje føretak som driv administrasjon og tenesteyting i stats- og trygdeforvaltninga (sektorkode 6100) eller i fylkeskommunar og kommunar (sektorkode 6500), sjølv om næringa dei høyrer til er omfatta av statistikken. For næringar som inneheld ei blanding av offentleg og privat tenesteyting, særleg kraft- og vassforsyning (næring 35 og 36), undervisning (næring 85) og helse- og sosiale tenester (næring 86, 87 og 88), kan tala derfor verke mangelfulle. Norges Bank (sektorkode 3100) er også haldne utanom. Føretak innanfor statens forretningsdrift, statleg eide føretak, statsføretak, kommunal forretningsdrift, sjølvstendige kommuneføretak og statlege låneinstitutt, det vil si føretak med sektorkode 1110, 1120, 1510, 1520 eller 3900, er derimot med i statistikken, dersom dei driv verksemd innanfor dei næringane som er dekka av den. Det same gjeldføretak innanfor alle andre sektorar.

Føretak som ennå ikkje har fått aktivitet i form av omsetning eller sysselsetting, er ikkje med i versjonen «aktive føretak». Tilsvarande er føretak som ennå ikkje har fått lønstakarar, ikkje med i versjonen «føretak med lønstakarar».

Føretak som er inaktive i minst 2 år, telles som inaktive gjennom hele perioden, sjølv om dei blir reaktiverte, mens frå reaktiveringa av blir dei telt som eit nytt separat føretak. Dette gjer at overlevde, sovande og inaktive føretak frå ein gitt kohort av nyetablerte føretak (dvs. førstegongsetableringar og reaktiveringar) alltid summerer opp til det opphavelege talet på eit nyetablerte føretak.

Føretaksdemografien byggjer på administrative opplysningar om dei juridiske einingane og dei underliggande verksemdene, samt tall for sysselsetting, lønstakarar, omsetning og investeringar. For fleire av finansnæringane er omsetning eit dårleg mål for aktivitet, og da blir i staden alternative størrelsar brukt. Dei administrative opplysningane blir i hovudsak henta frå SSBs verksemds- og føretaksregister (VoF), og både gjeldande og historiske opplysningar blir nytta. Stiftingsdato for aksjeselskap og registrering av stiftingar og NUF-er med tanke på næringsverksemd blir derimot henta frå Einingsregisteret i Brønnøysund (ER).

Sysselsetting i endelege tall blir henta frå VoF, som hentar dei fleste tal frå SSBs strukturundersøkingar (NØKU). Sysselsettingstala i NØKU bygger på den registerbaserte arbeidsmarknadsstatistikken, men er ytterlegare kvalitetssikra. For næringar og einskildføretak som ikkje er dekka av NØKU, er sysselsetting i VoF basert på talet på lønstakarar eller ulike estimeringsteknikkar. Talet på lønstakarar motsvarer talet på sysselsette minus talet på eigarar som jobbar i føretaket. Talet på eigarar er utleda frå organisasjonsform og ein nedre omsetningsgrense på 150 000 kr per eigar i 2021, inflasjonsjustert med konsumprisindeksen (KPI). Ved omsetning over grensa blir talet på eigarar i ENK sett lik 1, og i DA, ANS og PRE lik 2. Før innføringa av A-ordninga i 2015 er talet for lønstakarar lik talet på tilsette. Talet på tilsette motsvarer i hovudsak talet på lønstakarar minus oppdragstakarar og tilsette i svært små stillingar (under ca. 4 timer per uke), men det er også andre forskjellar.

Omsetning blir òg i hovudsak henta frå VoF, som for dei fleste næringar og organisasjonsformer har tala sine frå NØKU og administrative kjelder (MVA-registeret, sjølvmeldingsdata for sjølvstendig næringsdrivande og rekneskapsdata). For dei resterande næringane og organisasjonsformene er omsetning henta frå rekneskaps- og sjølvmeldingsdata eller imputert frå t.d. driftsinntekter.

Det er inga eige datainnsamling i føretaksdemografien, berre gjenbruk av administrative data og data frå statistiske undersøkingar. Dataa som blir brukt til endelege tall og dataa for lønstakarar til foreløpige tall er kvalitetssikra under produksjonen av grunnlagsstatistikkane, medan omsetningsdataa til foreløpige tall er kvalitetssikra av SSB berre for næring G – N. Kvalitetssikringa omfattar direkte kontakt med einingar, samt kopling mot administrative register i Overvakingssystemet for verksemder i VoF. Kvalitetssikringa av næringskoder i VoF skjer m.a. gjennom administrative kjelder, gjennom kontakt med føretaka i produksjonen av grunnlagsstatistikkane og forvaltninga av VoF, og ved hjelp av meldingar om formålsendring til ER.

Kjeldedataa gjennomgår eit omfattande sett av bearbeidingar, før føretaka til slutt blir aggregerte til tabellar. Bearbeidingane omfattar:

  • Innhenting og tilrettelegging av registerdata.
  • Uttak og påkopling av variablar.
  • Aggregering og konsolidering av juridiske einingar til (statistiske) føretak.
  • Avgrensing av populasjonen for overleving og vekst.
  • Merking av etableringsår og år med aktivitet.
  • Påkopling av verksemder for å identifisere overdragingar og eigarskifte.
  • Overføring av informasjon (organisasjonsnummer, næring, mv.) i samband med overdragingar frå opphaveleg til overtakande føretak.
  • Merking av ulike typar etablering, overleving og ikkje-overleving.
  • Berekning av alder.
  • Avgrensing av populasjonen for høgvekstføretak, høgvekst-mikro-føretak, gasellar og mikro-gasellar.
  • Berekning og kategorisering av vekst og høgvekst.
  • Merking av konfidensielle data.
  • Aggregering til tabellar.

I høgvekststatistikken er det den årlege vekstraten i siste 3 årsperiode som avgjer om føretaket er eit høgvekstføretak eller gaselle (dvs. ungt høgvekstføretak). Kategoriane av vekst, basert på denne raten, omfattar:

  • Svært høg vekst: ≥ 20 prosent vekst
  • Høg vekst: ≥ 10 prosent til < 20 prosent vekst
  • Stabil: ≥ -10 prosent til < 10 prosent vekst
  • Stor nedgang: ≥ -20 prosent til < -10 prosent vekst
  • Svært stor nedgang: < -20 prosent vekst

Det er laget kategoriar basert på høvesvis sysselsette, lønstakarar og omsetning. Føretak innan kategoriane «svært høy vekst» og «høy vekst» reknast som høgvekstføretak.

Det bereknast 4 ulike versjonar av dei endelege tala i føretaksdemografien, dels for å tilby ulike definisjonar av etablering og overleving i samsvar med rapporteringa til Eurostat og tidlegare nasjonal føretaksstatistikk, og dels for å lage tabellar utan brot som følgje av innføringa av A-ordninga i 2015. I høgvekststatistikken blir berre versjonen «aktive føretak» berekna, fordi forskjellen mellom dei ulike versjonane her blir antatt å være svært liten.

Berekningane vil bli nærmare forklart i eit eige dokumentasjonsnotat.

Ikkje relevant.

Sensitive opplysningar om einskildføretak blir verna i tråd med Lov om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikklova). Det inneber at tal blir erstatta med prikkar, dersom det er mogleg for ein aktør – direkte eller indirekte – å lese ut sensitiv informasjon om eit føretak frå det aktuelle talet. Dette kan t.d. gjelde dersom talet er ein sum basert på berre 1 til 3 føretak, eller dersom eitt eller to føretak utgjer ein svært høg del av summen (høvesvis 90 eller 95 prosent). Sistnemnde blir kalla for dominansregelen. Kravet om å erstatte tall med prikkar gjeld òg i tilfelle kor ein kan lese eit prikka tal ut av differansen mellom total og underliggande einskildkategoriar. I slike tilfelle må det prikkast eit tall til, såkalla sekundærprikking, for at det første prikka talet skal få reelt vern.

I føretaksdemografien er det berre omsetning som blir prikka med bakgrunn i dominansregelen, mens dei andre statistikkvariablane berre blir prikka basert på talet på føretak. For å få maksimalt utbytte av prikka tabellar, kan ein i mange tilfelle med stort sannsyn lese ut talet på føretak som ligg bak ein prikk i ein tabell nokså nøyaktig. Dersom to tal på føretak som inngår i same sum er prikka, medan summen ikkje er prikka, og tidsserien til det eine prikka talet består av relativt høge tal på føretak og tidsserien til det andre består av svært låge tal på føretak, er det sannsynlegvis talet i den lave tidsserien som primærprikka, og som derfor omfattar 1 til 3 føretak. Talet på føretak som ligg bak den andre prikken, kan dermed lesast nokså nøyaktig ut av tabellen som summen minus dei uprikka tala minus ein verdi som er lik 1 til 3.

Statistikken på nyetablerte føretaks overleving og dei andre delane av føretaksdemografien heng nøye saman. Føretak som var overlevande i år t, finst i bestanden til føretaksdemografien i t. Føretak som opphøyrde i t, finst blant føretaka som ikkje var overlevande i år t+1. Dei to statistikkane byggjer på same grunndata, og dei bruker same tal for omsetning, sysselsette og lønstakarar.

Sidan det kan ta tid å fastslå om eit føretak er i drift eller ikkje, er det gjort nokon pragmatiske tilpassingar. Den nasjonale statistikken over føretakas overleving skil mellom overlevde, sovande og ikkje-overlevde føretak. Sovande føretak blir definert som overlevde når dei gjenopptar aktiviteten, men kan ikkje bli identifisert som sovande før den neste årgangen med endeleg datagrunnlag syner at dei gjenopptok aktiviteten. I siste årgang med endelege tall og i dei foreløpige tala er derfor sovande føretak inkludert i kategorien «ikkje overlevde». I tabellar over opphøyrde føretak går tidsserien eitt år kortare enn i dei andre tabellane, og dei to siste årgangane i desse tabellane blir rekna som foreløpige. I bestandsstatistikken blir eit føretak rekna som aktivt dersom det hadde registrert aktivitet det aktuelle året. Det motsvarer overlevde føretak, og føretak av alle aldrar er omfatta. Dei foreløpige tala blir tilbakerekna ved neste årlege publisering, når endeleg datagrunnlag føreligg.

Omlegginga av føretaksdemografien har brakt den nasjonale publiseringa av føretaksdemografi meir i samsvar med rapporteringa av føretaksdemografi til Eurostat. Det blir publisert fire versjonar av tala, kor den eine (registrerte føretak) samsvarer med den gamle nasjonale føretaksdemografien, med nokon justeringar, medan to andre (aktive føretak og føretak med lønstakarar) samsvarer med rapporteringa til Eurostat, med visse små tilpassingar.

Føretaksdemografien er lagd slik at endringar i metode, datakjelder og definisjonar i størst mogleg grad skal kunne tilbakereknast gjennom tidsserien. Nokon brot er likevel ikkje til å unngå. I forklaringa nedanfor er det skild mellom brot som skuldast endringar i metode, datakjelder og/eller definisjonar, og varige eller forbigåande reelle endringar som følgje av til dømes endra lover og reglar.

Overgangsregel E til skatteloven i 2005: I samband med skattereforma frå 1.1 2006 blei det innført ein overgangsregel i 2005, som leda til opprettinga av ei rekkje holdingselskap. Dette ga ei stor reell auke i talet på nye føretak innanfor finansnæringa dette eine året.

Regelendring for AS i 2012: Frå 1.1 2012 blei det lettare å etablere aksjeselskap, mellom anna fordi kravet til eigenkapital blei redusert. Dette ga ei reell og varig auke i talet på aksjeselskap frå og med 2012.

Omsetning for næring 06 (utvinning av råolje og naturgass): Til og med 2014-årgangen leverte oljeselskapa ordinære næringsoppgåver (RF-1167), medan etter det har dei levert ei ny eiga næringsoppgåve for utvinningsselskap (RF-1323, Skattemelding for selskap som blir omfatta av petroleumsskattelova). Dette påverkar omsetninga i næring 06, som frå og med 2015 er basert på berekna tal, men det påverkar ikkje kor vidt føretak har omsetning eller ikkje.

A-ordninga i 2015: Frå og med 2015 er talet på sysselsette basert på eigarar pluss lønstakarar frå A-ordninga. Fram til 2014 var talet på sysselsette basert på eigarar pluss tilsette frå AA-registeret. Hovudforskjellen er at lønstakarar omfattar oppdragstakarar (frilansarar og andre som jobbar for honorar), noko tilsette ikkje gjer. Dette ga ei varig auke i talet på sysselsette, som følgje av at datakjelda for talet er endra. Nærare forklaring av endringane ved innføring av A-ordninga er gitt i ein eigen artikkel under den registerbaserte sysselsettingsstatistikken.

Fram til publiseringa av endelege tall for 2020 blei juridisk eining brukt som ein pragmatisk tilnærming til føretak i statistikken, medan frå endelege tall 2021 og foreløpige tall 2022 blir den offisielle føretaksdefinisjonen følgd. Endringa er ført tilbake til eldre årgangar i grunndataa, og gir derfor ikkje brot i tidsserien.

Statistikken baserer seg på andre statistikkar og på administrative registrer, og har dei same feilkjeldene som desse. I overlevingsstatistikken og høgvekststatistikken vil feil påverke tala fleire år etter, fordi statistikken for eit gitt år byggjer på situasjonen fleire år tilbake (t.d. overlevinga til 5 år gamle føretak) og følgjer føretaka over tid (t.d. vekst siste 3-årsperiode).

Typiske registerfeil er manglande eller forelda opplysningar som følgje av etterslep i registreringane. Slike etterslep skuldast at innrapporteringar kjem seint og endringar blir registrert noko tid etter at dei har inntreffe. Det er først og fremst etterslep i dei administrative opplysningane i VoF som er relevante i føretaksdemografien. Manglande eller utdaterte administrative opplysningar kan føre til at føretak blir feilklassifisert eller hamnar i ein «ukjent»-kategori, og i versjonen «registrerte føretak» kan sein registrering av føretak føre til at etableringsåret blir skyve fram i tid, og at føretaket dermed får ein for låg alder.

De kvartalsvise tala for nye føretak er mest påverka av etterslep, sidan dei blir publisert kortast tid etter referanseperiodens utløp.

Resten av føretaksdemografien blir påverka på tilsvarande måte, men her er den prosentvise effekten langt mindre. I statistikken over nyetablerte føretaks overleving og vekst vil kategorien «ikkje overlevd» omfatte sovande føretak i det siste endelege telleåret.

Det er truleg noko manglande rapportering av omsetning blant dei aller minste føretaka, kor aktiviteten er marginal. Desse føretaka er det relativt mange av, samtidig som dei betyr lite for føretaksdemografiens grunnlagsstatistikkar (t.d. NØKU), og dermed er også kvalitetssikringa mindre omfattande her. I føretaksdemografien, kor talet på føretak er ein viktig variabel, utgjer derimot marginale føretak ein betydeleg del. Dersom rapporteringa manglar kvart år, blir både etableringar, bestand og talet på overlevende føretak underestimert. Dersom den manglar berre i periodar, blir derimot talet på etableringar overestimert grunna reaktiveringar, mens bestand og talet på overlevande blir underestimert. Samlet sett fører manglande rapportering av omsetning blant dei aller minste føretaka truleg til ein viss underestimering av bestand og talet på overlevande føretak, medan effekten på etableringar er meir usikker.

Når nye føretak blir registrert, skal dei opplyse om kor vidt dette er ein nystarta aktivitet eller eit eigarskifte. Der slike opplysningar manglar, blir det gjort ein dublettkontroll mot eksisterande føretak for å identifisere eventuelle eigarskifte. Eigarskifte blir også identifisert ved å følgje verksemda si føretaksknyting frå år til år. Føretak der opplysningar om eigarskifte ikkje blir rapportert og der også verksemda får nytt nummer, risikerer å ikkje bli fanget opp i desse rutinane. Det er ukjent kor mange eigarskifte dette gjeld, så talet på eigarskifte kan være noko for lågt og at talet på nyetableringar dermed noko for høgt. Truleg er denne feilkjelda likevel liten.

Talet på sysselsette, lønstakarar, mv. er berekna som gjennomsnittet over alle årets 12 månader, også i oppstartsåret. Desse tala blir dermed lågare for etableringsåret sett under eitt enn aktivitetsnivået tilseier. Dette er ikkje strengt tatt ein feilkjelde, men påverkar tal for etableringsåret over volumstørrelsar, så vel som fordelingar etter føretaksstorleik og veksten frå oppstartsåret til året etter.

Ikkje relevant.

Et eget dokumentasjonsnotat er under arbeid.

Kontakt

Håkon Frøysa Skullerud

hakon.skullerud@ssb.no

41 43 59 39

Salah Eddine Ziade

salah.ziade@ssb.no

21 09 48 35