– Sjølv under finanskrisa var det fleire etableringar innanfor bygg og anlegg enn 4. kvartal i fjor, seier seksjonssjef Erik Fjærli. Høge byggjekostnadar og høg lånerente er faktorar som truleg har spelt inn.

Størst nedgang blant dei større næringane finn vi likevel innan kultur og underhaldning, med 27 prosent frå same kvartal i 2023.

– Etableringstakta innanfor kultur- og underhaldningsbransjen har gjennom det siste året stabilisert seg på eit historisk sett lågt nivå, etter fleire år med i hovudsak høge etableringstal, seier Fjærli.

Den høgaste veksten frå same kvartal i 2023 finn vi innan transport og lagring, med 31 prosent, og næringa kan vere på veg ut av ein bølgjedal. Det er likevel eit stykke opp til etableringstakta under og like etter pandemien, da auka netthandel men òg bortfall av krav om drosjeløyve førte til høge etableringsnivå. Andre næringar med vekst det siste året er omsetning av eigedom, med 15 prosent, og varehandel inkludert reparasjon av motorvogner, med 10 prosent.

Nye føretak med ukjend næring utgjorde 17 prosent (sjå boks). Det er om lag same nivå som dei føregåande kvartala.

Det vart etablert 8 612 einskildpersonføretak og 6 731 aksjeselskap i 4. kvartal 2024. Talet på nye einskildpersonføretak gjekk ned med 5 prosent, medan nye aksjeselskap gjekk ned med 2 prosent.

– At talet på nye einskildpersonføretak gjekk meir ned enn talet på aksjeselskap, heng mellom anna saman med den store nedgangen i talet på etableringar i kultur- og underhaldningsbransjen, seier Fjærli.

Det var tydelege regionale skilnader dette kvartalet òg. Nedgangen var størst i Møre og Romsdal og i Troms, med høvesvis 15 og 12 prosent færre etableringar enn i same kvartal 2023. I Østfold var det derimot ei auke på 4 prosent, og i Oslo og Agder på 3 prosent. På landsdelsnivå hadde Sørlandet den største auka med 3 prosent fleire etableringar, medan Trøndelag og Nord-Noreg hadde ein nedgang på mellom 8 og 9 prosent.

Figur 1. Nye føretak, unntatt offentleg forvaltning og primærnæringane. 4. kvartal 2001-2024

Det er eit stort etterslep i registreringa av næringa til nye føretak, og etterslepet har vore stort heilt sidan starten av pandemien. Delen av nye føretak med ukjend næring er no redusert til om lag ein tredjedel sidan toppen i 2. kvartal 2022, men den er stadig så høg at fordelinga etter næring må tolkast varsamt. Det gjeld særleg ved samanlikningar bakover i tid.