Det syner nye førebelse tal for føretaksdemografi frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Det tydar på god fart i næringslivet, trass urolege økonomiske tider, seier seksjonssjef Erik Fjærli.

Føretak med høg vekst utgjorde 22 prosent i 2023, medan 25 prosent hadde stor nedgang. For dei resterande 54 prosent var utviklinga stabil.

– Dette er historisk nokså gode veksttal, men dei må sjåast i samband med den svake økonomien i starten av vekstperioden grunna pandemien, fortsett Fjærli.

Figur 1. Minst 4 år gamle føretak med tilsette, etter vekst siste 3 år. 2006 – 2023.

Unge føretak, det vil seie 4 – 5 år gamle, har betre veksttal enn heile bestanden samla. Dei har vesentleg fleire føretak med svært høg vekst, men og noko fleire med svært stor nedgang. Målt som dei med høg vekst minus dei med stor nedgang har dei unge ligge om lag 7 – 10 prosentpoeng høgare enn bestanden samla dei siste 10 åra.

Føretak med 0 sysselsette eller inga rapportering i 2023 er halde utanom her, sidan motsatsen nye føretak heller ikkje er med. Unge føretak blir langt oftare heilt inaktive i løpet av perioden, samanlikna med heile bestanden.

Figur 2. Føretak med høg vekst minus føretak med stor nedgang, prosent. 2006 – 2023.

Det vart etablert 43 900 føretak med aktivitet i 2023, 18 prosent fleire enn året før. Tal for registrerte føretak syner derimot ein nedgang på 9 prosent. Det tyder at langt fleire av dei nyregistrerte føretaka i 2023 hadde aktivitet i oppstartsåret, målt mot året før. Etableringstakta i 2023 var høg historisk sett, berre slått av pandemiåret 2021. Næringane I Overnatting og servering og M Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting bidrog sterkt til denne utviklinga, medan bergverk, utvinning og industri trakk ned.

Figur 3. Nyetablerte og opphøyrte føretak. 2002 – 2023 (2021).

Talet på opphøyrte føretak følgjer nokolunde talet på nyetablerte føretak, men ligg stort sett lågare.

– Høg etableringstakt er dermed eit teikn på generelt stor rørsle i næringslivet, som og er eit uttrykk for omstillingsevna til økonomien, forklarer Fjærli.

Føretak som er nye eller opphøyrte i samband med eigarskifte for hele eller deler av verksemda, er halde utanom.

Figur 4. Nyetablerte føretak i 2018 og deira overleving i 5 år, etter organisasjonsform.

I 2023 overlevde 45 prosent av føretaka som vart etablert med aktivitet 5 år tidlegare. Aksjeselskap hadde høgare andel overlevde enn eiskildpersonføretak, med 50 mot 37 prosent, men dei andre selskapsformene hadde enda betre overleving med 62 prosent samla etter 5 år.

– Dei første 5 åra er gjerne dei mest krevjande for føretaka, og føretaksdemografien følgjer derfor føretaka særskilt gjennom denne perioden, fortel Fjærli.

Figur 5. Føretak med aktivitet, etter næring og storleik. 2023.

I dei næringane som i dag er omfatta av føretaksdemografien, var det 338 000 aktive føretak i 2023. Dei fleste føretaka finst i næring F Byggje- og anleggsverksemd, tett følgd av M Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting. Målt etter talet på sysselsette er derimot G Varehandel størst, med B-C Bergverk, utvinning og industri på plassen bak.

Tala for 2023 er foreløpige, og det same gjeld opphøyrte føretak i 2021. Desse tala byggjer på eit meir avgrensa datagrunnlag, og er skalert opp med forholdet mellom endelege og foreløpige tal for tidlegare år ved hjelp av lineær regresjon. Det er berekna uvisse for dei foreløpige tala, og den vil bli publisert på sikt. Dei einskilde kategoriane stemmer ikkje alltid nøyaktig med totalane grunna denne uvissa.

I statistikkbanken finst det tre versjonar av tala i dei fleste tabellane: Registrerte føretak, føretak med aktivitet og føretak med lønnstakarar. Registrerte føretak reknast som aktive det året dei vart registrert, og sidan alle år med omsetning, sysselsette eller investeringar. Føretak med aktivitet reknast som aktive alle år med omsetning, sysselsette eller investeringar, men registreringa i seg sjølv reknast ikkje som aktivitet. Føretak med lønnstakarar reknast som aktive alle år det hadde lønnstakarar (tilsette, frilansare og arbeidstakarar på honorar). I denne artikkelen er i hovudsak versjonen «føretak med aktivitet» brukt.

Eit føretak er den minste organisatoriske eininga med eit viss sjølvstende, og består av ei eller fleire juridiske einingar. Hjelpeeiningar og andre juridiske einingar utan sjølvstende blir slått saman med den sjølvstendige eininga dei høyrer til, etter visse reglar. I føretaksdemografien blir og rein overdraging av all verksemd frå eitt føretak til eit anna rekna som vidareføring av det same føretaket. Målet er å telle dei sjølvstendige produksjonseiningane, fjerne interne transaksjonar mellom dei, og unngå at reine organisatoriske grep blant føretaka slår ut på statistikken. Med denne definisjonen av føretak oppnår vi det til ein viss grad.

Vekst og nedgang reknast som det geometriske gjennomsnittet av årsveksten dei siste 3 åra, altså den annualiserte prosentvise veksten. Grensa for høg vekst og stor nedgang går ved ± 10 prosent vekst i snitt per år, inkludert føretak der storleiken gjekk ned til 0. Er veksten på ± 20 prosent, blir den rekna som svært stor. Tala omfattar berre føretak som er minst 4 år gamle, det vil si etablert seinast året før vekstperioden, med minst 1 sysselsett i startåret for vekstperioden. Høgvekstføretak som er maksimalt 5 år gamle, blir kalla gasellar.

I den årlege statistikken reknast føretak som nye det første året med aktivitet (jf. boks Tre versjonar og tre definisjonar av aktivitet), samt i seinare år der aktiviteten blir tatt opp att etter minst 2 års samanhengande inaktivitet – sokalla reaktivering. Føretaka blir rekna som overlevd til og med det siste aktive året før ei periode på minst 2 års inaktivitet. Det siste overlevingsåret blir føretaka rekna som opphøyrte. Eit føretak som er inaktivt i eitt år og so blir aktivt att, blir rekna som sovande i det inaktive året og overlevd i dei påfølgjande aktive åra. Det siste året i tidsserien veit vi ikkje om føretaket blir aktivt att, og da blir det mellombels rekna som ikkje overlevd, fram til vi får eit nytt år med data. Det manglar tal for opphøyr dei siste to åra, da det tek to år etter statistikkåret for å slå fast om føretaket vart «varig» inaktivt.

I den kvartalsvise statistikken blir føretak rekna som nye berre det kvartalet dei blir registrerte.

Næringane A Jordbruk, skogbruk og fiske og O Offentleg administrasjon, forsvar og sosialforsikring er ikkje ein del av føretaksdemografien (statistikken Føretak), grunna vedvarande mangelfullt datagrunnlag. Totalen A-U Alle næringar inneheld derfor ikkje næring A og O. Dessutan er offentleg sektor og einingar ikkje meint for næringsverksemd (visse foreiningar, lag, mv.) halde utanfor.

Dei fleste tabellane utelet i tillegg visse næringar, også grunna mangelfullt datagrunnlag. Det gjeld næringane D Kraftforsyning, K Finansiering og forsikring, P Undervisning, Q Helse- og sosialtenester, R Kultur, underhaldning og fritid, S Anna tenesteyting, samt dei heilt marginale næringane T og U. Her vart datagrunnlaget vesentleg betre i 2021, men sidan føretaksdemografien treng fleire års datagrunnlag for ein gitt årgang med statistikk, kunne ikkje SSB publisere desse næringane no. SSB jobbar med å utvikle ein metode som kompenserer for det mangelfulle datagrunnlaget i desse næringane.

Tabellane for registrerte nye føretak omfattar likevel alle næringar unntatt A og O, da manglane i datagrunnlaget i liten grad påverkar desse tala.