Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Kvinner i nyetableringar og styre
Kvinner står for nesten ei av tre nyetableringar av personleg åtte føretak. Dei kvinnelege etablerarane vel tradisjonelt, og dei er å finne innanfor næringsområde som er kvinnedominerte. Delen kvinner som er styrerepresentantar i allmennaksjeselskap (ASA) aukar, no er 12 prosent av styrerepresentantane kvinner.
Eigarskap og roller i næringslivet
Statistisk sentralbyrå (SSB) arbeider med utvikling av ny statistikk på området eigarskap og roller i næringslivet i samarbeid med fleire departement, mellom anna Næringsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Barne- og familiedepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet. Kjeldegrunnlaget for statistikksystemet er Einingsregisteret i Brønnøysundregistra med rolleinformasjon om fysiske personar, Bedrifts- og føretaksregisteret i SSB samt data frå personstatistikksystemet til SSB. Personleg åtte føretak omfattar organisasjonsformene enkeltpersonføretak, selskap med delt ansvar og ansvarleg selskap. Berre føretaka med fysiske rolleinnehavarar er med i denne statistikken. Alle allmennaksjeselskap (ASA) med aktive rolleinnehavarar er med i statistikken. Publiseringa denne gongen retter seg mot nyetableringar av personleg åtte føretak fordelt på kjønn samt styrerepresentasjon i ASA. Definisjonar og avgrensing av statistikken: Sjå Om statistikken. Annan statistikk om føretak og føretaksdemografi frå Bedrifts- og føretaksregisteret er på denne adressa: http://www.ssb.no/emner/10/01/ . |
Ei kvinne bak kvar tredje nyetablering av personleg åtte føretak
Kvinnene står for nesten ei av tre nyetableringar av alle personleg åtte føretak i 2004. Enkeltpersonføretak er den organisasjonsforma som er vanlegast ved nyetablering. Kvinnene stod i 2004 for 33,4 prosent av alle nyetableringane av enkeltpersonføretak, ein auke på nesten 2 prosentpoeng frå 2003. Ser vi på nyetableringar av andre personleg åtte føretak (ansvarleg selskap og selskap med delt ansvar) har vi òg fått ein auke i delen kvinner frå 2003 til 2004 frå 21,4 til 22,6 prosent. Ei av tre kvinner som etablerte eit heilt nytt enkeltpersonføretak i 2004 hadde låg høgare utdanning, medan tilsvarande tal for menn berre var ein av fem.
Helse- og sosialtenester er kvinnene si favorittnæring
I år som i fjor finn vi tradisjonelle val i nyetableringar. Størst del kvinner som står for nyetablering finn vi innanfor helse- og sosialtenester, både når det gjeld enkeltpersonføretak (64 prosent) og andre personleg åtte føretak (52 prosent). Minst del kvinner finn vi innanfor næringa byggje- og anleggsverksemd, i denne næringa står kvinnene berre for om lag 2,5 prosent av nyetableringane.
Større del kvinnelege styrerepresentantar i store føretak
Kvinnerepresentasjonen i allmennaksjeselskap har auka med nesten 3 prosentpoeng, frå 9 prosent ved inngangen til 2004 til nesten 12 prosent ved inngangen til 2005. Ser ein isolert på allmennaksjeselskapa som vart etablerte i 2004, så er vel 4 prosent av styrerepresentantane i desse kvinner. Delen kvinner aukar med storleiken på føretaket. I allmennaksjeselskap med 100 eller fleire tilsette er delen kvinner heile 21 prosent.
Framleis langt att til 40 prosent kvinner i styra
Ved inngangen til 2005 oppfyller eitt av ti allmennaksjeselskap kravet om 40 prosent kvinner i styret. Dette er ein auke frå inngangen til 2004 då berre 6 prosent av allmennaksjeselskapa oppfylte kravet, trass i at ingen av dei nyetablerte allmennaksjeselskapa i 2004 har 40 prosent av kvart kjønn i sine styrer.
Meir i Statistikkbanken
I Statistikkbanken finn ein fleire tal på føretak og rolleinnehavarar etter næring, organisasjonsform, fylke, storleiksgrupper, kjønn, alder og utdanning.
Tabeller:
- Tabell 1 Personleg åtte føretak, etter organisasjonsform og kjønn på rolleinnehavar. Nyetablerte føretak. 2004
- Tabell 2 Enkeltpersonføretak, etter næring og kjønn på innehavar. Nyetablerte føretak. 2003 og 2004
- Tabell 3 Andre personleg eigde føretak , etter næring og kjønn på deltakar. Nyetablerte føretak. 2003 og 2004
- Tabell 4 Innehavarar i Enkeltpersonføretak, etter kjønn og utdanningsnivå. Nyetableringar. 2003 og 2004
- Tabell 5 Styrerepresentantar i allmennaksjeselskap, etter rolletype og kjønn. 1. januar 2004 og 2005
- Tabell 6 Styrerepresentantar i allmennaksjeselskap, etter kjønn og næring. 1. januar 2004 og 2005
- Tabell 7 Styrerepresentantar i allmennaksjeselskap, etter kjønn og tal på tilsette. 1. januar 2004 og 2005
- Tabell 8 Styrerepresentantar i Allmennaksjeselskap, etter kjønn og alder. 1. januar 2004 og 2005
- Tabell 9 Styrerepresentantar i allmennaksjeselskap, etter kjønn og utdanningsnivå. 1. januar 2004 og 2005
- Tabell 10 Styrerepresentantar i allmennaksjeselskap, etter rolletype og kjønn. Nyetableringar. 2004
- Tabell 11 Styrerepresentantar i allmennaksjeselskap, etter kjønn og næring. Nyetableringer. 2004
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
E-post: hakon.skullerud@ssb.no
tlf.: 41 43 59 39
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35