Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Framleis auke i talet på opna konkursar
Talet på opna konkursar i fyrste kvartal har auka med over 40 prosent samanlikna med fyrste kvartal i 2002. Også samanlikna med 4. kvartal 2002 er det ein markert auke.
Det er flest konkursar innanfor varehandel, forretningsmessig tenesteyting og byggje- og anleggsverksemd.
Store regionale forskjellar
Talet på konkursar aukar over heile landet. Størst auke er det i Hordaland, Buskerud og Finnmark. Sogn og Fjordane, Østfold og Troms skil seg ut ved at talet på konkursar no er tilnærma tala for fyrste kvartal 2002.
Meir i Statistikkbanken
Opna konkursar attende til 1999 er no tilgjengelege i Statistikkbanken. Konkursar kan her fordelast etter næring, organisasjonsform, etableringsår og storleik etter omsetning og sysselsette. Også omsetning og sysselsette totalt innanfor kvar næring er tilgjengeleg, men ikkje brote ned på meir detaljert nivå. Talet på konkursar er tilgjengeleg på fylkesnivå og nasjonalt nivå, medan omsetning og sysselsetting i siste driftsår berre er tilgjengeleg på nasjonalt nivå.
Tabeller:
- Tabell 1 Opna konkursar, etter kvartal og fylke. 2002-1. kvartal 2003 (Rettet 28. juli 2004)
- Tabell 2 Opna konkursar, etter månad. 1995-2002 og 1. kvartal 2003 (Rettet 9. november 2005)
- Tabell 3 Opna konkursar, omsetning og sysselsette, etter næring. 1. kvartal 2002 og 2003. Omsetning og sysselsette i siste driftsår (Rettet 28. juli 2004)
- Tabell 4 Opna konkursar i varehandel, omsetning og sysselsette, etter næring. 1. kvartal 2002 og 2003 (Rettet 28. juli 2004)
- Tabell 5 Opna konkursar i IKT-føretak, omsetning og sysselsette, etter næring. 1. kvartal 2002 og 2003 (Rettet 28. juli 2004)
- Tabell 6 Opna konkursar, etter etableringsår og fylke. 1. kvartal 2002 og 2003 (Rettet 28. juli 2004)
- Tabell 7 Opna konkursar, etter fylke og aksjekapital i 1 000 kroner. 1. kvartal 2002 og 2003 (Rettet 28. juli 2004)
- Tabell 8 Opna konkursar, etter fylke og organisasjonsform. 1. kvartal 2002 og 2003 (Rettet 28. juli 2004)
Kontakt
-
Harald Fondevik
E-post: harald.fondevik@ssb.no
tlf.: 40 90 24 47