5574_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/arkiv
5574
Konkurstala flatar ut
statistikk
2003-07-25T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
konkurs, Opna konkursar, næringsfordelte konkursar, omsetningsverdi, føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssalg, organisasjonsform, etableringsårKonkurser, Finansielle indikatorer , Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Opna konkursar2. kvartal 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Konkurstala flatar ut

Talet på opna konkursar i andre kvartal 2003 auka med 18 prosent samanlikna med andre kvartal i fjor. Samanlikna med fyrste kvartal i år er det praktisk talt ingen auke.

I fyrste kvartal i år var auken på over 40 prosent samanlikna med fyrste kvartal i fjor, og dette kan tyde på at auken i talet på konkursar er i ferd med å flate ut. Talet på konkursar i fyrste halvdel av 2003 er likevel det høgste sidan 1992.

Lav auke i IKT og varehandel

Innanfor varehandel og IKT er auken i talet på konkursar marginal i høve til andre kvartal i fjor. Talet på føretakskonkursar i varehandelen er lågare enn i same kvartal i fjor, medan det er nokre fleire personlege konkursar.

Meir i Statistikkbanken

Opna konkursar attende til 1999 er tilgjengelege i Statistikkbanken. Konkursar kan her fordelast etter næring, organisasjonsform, etableringsår og storleik etter omsetning og sysselsette. Også omsetning og sysselsette totalt innanfor kvar næring er tilgjengeleg, men ikkje brote ned på meir detaljert nivå. Talet på konkursar er tilgjengeleg på fylkesnivå og nasjonalt nivå, medan omsetning og sysselsetting i siste driftsår berre er tilgjengeleg på nasjonalt nivå.

Tabeller: