5572_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/arkiv
5572
Færre konkursar
statistikk
2003-10-23T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
konkurs, Opna konkursar, næringsfordelte konkursar, omsetningsverdi, føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssalg, organisasjonsform, etableringsårKonkurser, Finansielle indikatorer , Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Opna konkursar3. kvartal 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre konkursar

Det var 16 prosent færre konkursar i 3. kvartal i år samanlikna med 2. kvartal. Ein av tre konkursar var innan enkeltpersonsføretak inklusive personlege konkursar.

Til no i år er det opna 3 993 konkursar. 35 prosent er konkursar innan enkeltpersonsføretak inklusive personlege konkursar. Det er flest konkursar innanfor varehandel, eigedomsdrift, forretningsmessig tenesteyting og utleigeverksemd, bygg- og anleggsverksemd, samt hotell- og restaurantverksemd. 60 prosent av konkursane innanfor bygg- og anleggsverksemd er konkursar innan enkeltpersonsføretak inklusive personlege konkursar.

Store regionale skilnader

Samanlikna med 2. kvartal i år har det vore ein nedgang i talet på konkursar, utanom i Vest-Agder, Rogaland, Møre og Romsdal og Nordland. Nedgangen har vore størst i Akershus og Sogn og Fjordane.

Medan talet på konkursar for heile landet har auka med 15 prosent i høve til 2. kvartal 2002, har det vore ein auke på heile 82 prosent i Nordland. Østfold har hatt ein auke på 60 prosent og Buskerud ein auke på 50 prosent. I Telemark, Vestfold, Oslo, Oppland og Sogn og Fjordane har det vore ein nedgang i talet på konkursar.

Føretakskonkursar eksklusive enkeltpersonsføretak aukar mest

Samanlikna med 3. kvartal 2002 har talet på føretakskonkursar eksklusive enkeltpersonsføretak auka med 18 prosent og talet på konkursar innan enkeltpersonsføretak inklusive personlege konkursar har auka med 9 prosent.

Innanfor hotell- og restaurantverksemd har talet på konkursar auka med 57 prosent. Talet på føretakskonkursar eksklusive enkeltpersonsføretak har auka med 77 prosent, medan det er 13 prosent færre konkursar innan enkeltpersonsføretak inklusive personlege konkursar. Innanfor bygg- og anleggsverksemd har talet på både føretakskonkursar eksklusive enkeltpersonsføretak og konkursar innan enkeltpersonsføretak inklusive personlege konkursar auka med 25 prosent. For varehandel har det vore ein auke i konkursar totalt på 5 prosent. Men her har føretakskonkursar eksklusive enkeltpersonsføretak auka med 9 prosent, medan konkursar innan enkeltpersonsføretak inklusive personlege konkursar har hatt ein nedgang på 11 prosent. Størst auke i konkursar innan enkeltpersonsføretak inklusive personlege konkursar har det vore innanfor eigedomsdrift, forretningsmessig tenesteyting og utleigeverksemd med 89 prosent. Talet på konkursar totalt innanfor denne næringa har auka med 17 prosent.

Meir i Statistikkbanken

I Statistikkbanken finst tal for opna konkursar attende til 1999. Konkursar kan her fordelast etter næring, organisasjonsform, etableringsår og storleik etter omsetning og sysselsette. Også tal på omsetning og sysselsette totalt innafor kvar næring er tilgjengeleg, men ikkje brote ned på meir detaljert nivå. Talet på konkursar er tilgjengeleg på fylkesnivå og nasjonalt nivå, medan omsetning og sysselsette i siste driftsår berre er tilgjengeleg på nasjonalt nivå.

Tabeller: