5564_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/arkiv
5564
Talet på konkursar synk framleis
statistikk
2004-10-27T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
konkurs, Opna konkursar, næringsfordelte konkursar, omsetningsverdi, føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssalg, organisasjonsform, etableringsårKonkurser, Finansielle indikatorer , Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Opna konkursar3. kvartal 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Talet på konkursar synk framleis

Talet på opna konkursar har gått ned samanlikna med både andre kvartal i år og tredje kvartal i fjor. I tredje kvartal 2004 var det 961 konkursar. Frå andre kvartal til tredje kvartal var det ein nedgang på 12 prosent, og samanlikna med tredje kvartal i fjor var nedgangen på 19 prosent.

Frå tredje kvartal 2003 til tredje kvartal 2004 har det vore nedgang i talet på opna konkursar i alle fylka utanom Oppland, Sogn og Fjordane, Telemark, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag. Størst prosentvis nedgang i talet på konkursar i denne perioden var det i Troms, Rogaland og Buskerud med meir enn 40 prosent.

I tredje kvartal 2004 finn vi 20 prosent av dei opna konkursane i Oslo. I Akershus finn vi 10 prosent av dei opna konkursane.

Talet på konkursar i enkeltpersonføretak inkludert personlege konkursar går framleis ned. Samanlikna med tredje kvartal i fjor har det vore ein nedgang på 14 prosent. I same periode har det vore ein nedgang på heile 22 prosent i talet på føretakskonkursar eksklusive enkeltpersonføretak. Innanfor varehandel var det 10 prosent fleire konkursar i enkeltpersonføretak inkludert personlege konkursar, medan det har vore ein nedgang på 23 prosent i talet på opna føretakskonkursar (ekskl. enkeltpersonføretak).

Føretakskonkursane (ekskl. enkeltpersonføretak) utgjer 62 prosent av alle dei opna konkursane.

Færre konkursar i informasjonssektoren

IKT-sektoren og innhaldssektoren utgjer til saman informasjonssektoren. Samanliknar vi tredje kvartal 2003 og tredje kvartal 2004, så har talet på opna konkursar i informasjonssektoren gått ned med 41 prosent. Den største nedgangen finn vi i innhaldssektoren med 64 prosent.

Meir i Statistikkbanken

Opna konkursar attende til 1999 er tilgjengelege i Statistikkbanken. Konkursar kan her fordelast etter næring, organisasjonsform, etableringsår og storleik etter omsetning og sysselsette. Også talet på omsetning og sysselsette totalt innanfor kvar næring er tilgjengeleg, men ikkje brote ned på meir detaljert nivå. Talet på konkursar er tilgjengeleg på fylkesnivå og nasjonalt nivå, medan omsetning og sysselsette i siste driftsår berre er tilgjengeleg på nasjonalt nivå.

Tabeller: