Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre konkursar 1. kvartal 2005
Det vart opna 1 095 konkursar 1. kvartal 2005. Dette er ein nedgang på 10 prosent samanlikna med tilsvarande periode i 2004. Men det er store regionale skilnader.
Størst nedgang i talet på konkursar 1. kvartal 2005 samanlikna med tilsvarande periode i 2004 finn vi i Sør-Trøndelag. Her har talet på konkursar gått ned med 50 prosent. Sør-Trøndelag står no for 4 prosent av konkursane i landet, mot 8 prosent i 1. kvartal 2004. Telemark og Rogaland følgjer etter med ein nedgang på rundt 30 prosent.
Den største auken i talet på konkursar har vore i Østfold og Akershus med høvesvis 30 og 15 prosent. Andre fylke som har opplevd ein auke er Vestfold, Troms, Oslo og Vest-Agder. 20 prosent av konkursane i 1. kvartal 2005 finn vi i Oslo, følgt av Akershus med 13 prosent. Desse to fylka står no for totalt 33 prosent av konkursane i landet, mot ca. 27 prosent i tilsvarande periode i fjor.
Talet på konkursar innanfor enkeltpersonføretak, inkludert personlege konkursar, har auka med 3 prosent samanlikna med 1. kvartal 2004. Talet på føretakskonkursar har derimot gått ned med 17 prosent.
Flest konkursar innanfor varehandel
24 prosent av konkursane i 1. kvartal 2005 finn vi innanfor varehandel, reparasjon av kjøretøy og hushaldsapparat. Konkursane innanfor denne næringsgruppa er 4 prosentpoeng lågare enn i tilsvarande periode i fjor. Eigedomsdrift, forretningsmessig tenesteyting og utleige står for 19 prosent, noko som tilsvarar ein auke i delen av konkursane på ca. 2 prosentpoeng i høve til 1. kvartal 2004.
Fleire konkursar i informasjonssektoren
IKT-sektoren og innhaldssektoren utgjer til saman informasjonssektoren. Samanliknar vi 1. kvartal 2004 og 1. kvartal 2005, så har talet på opna konkursar i informasjonssektoren gått opp med 10 prosent. Den største auken finn vi i innhaldssektoren, der talet på konkursar har auka med 19 prosent, mot 6 prosent i IKT-sektoren.
Menn står for meir enn ni av ti konkursar
Menn står for meir enn ni av ti konkursar innanfor enkeltpersonføretak inkludert personlege konkursar. Av enkeltpersonføretak inkludert personlege konkursar var 93 prosent av dei som gjekk konkurs menn, og 7 prosent kvinner. Av alle enkeltpersonføretak 1. januar 2005 hadde eit av fire kvinneleg innehavar (meir informasjon om bestandstala det vert referert til, sjå http://www.ssb.no/emner/10/01/ner/ ).
I Oslo finn vi 41 prosent av alle kvinnelege konkursar innanfor enkeltpersonføretak inkludert personlege konkursar. 20 prosent av alle enkeltpersonføretak med kvinneleg innehavar er registrert i Oslo (meir informasjon om dette, sjå http://www.ssb.no/emner/10/01/ner/ ).
Meir i Statistikkbanken
Opna konkursar attende til 1999 er tilgjengelege i Statistikkbanken. Konkursar kan her fordelast etter næring, organisasjonsform, etableringsår og storleik etter omsetning og sysselsette. Også talet på omsetning og sysselsette totalt innanfor kvar næring er tilgjengeleg, men ikkje brote ned på meir detaljert nivå. Talet på konkursar er tilgjengeleg på fylkesnivå og nasjonalt nivå, medan omsetning og sysselsette i siste driftsår berre er tilgjengeleg på nasjonalt nivå.
Tabeller:
- Tabell 1 Opna konkursar, etter kvartal og fylke. 2004-1. kvartal 2005
- Tabell 2 Opna konkursar, etter månad. 1997-2004 og 1. kvartal 2005
- Tabell 3 Opna konkursar, etter næring. 1. kvartal 2004 og 2005
- Tabell 4 Opna konkursar, omsetning og sysselsette, etter næring. 1. kvartal 2004 og 2005
- Tabell 5 Opna konkursar i varehandel, etter næring. 1. kvartal 2004 og 2005
- Tabell 6 Opna konkursar i varehandel, omsetning og sysselsette, etter næring. 1. kvartal 2004 og 2005
- Tabell 7 Opna konkursar i informasjonssektoren (IKT-sektoren og innhaldssektoren) omsetning og sysselsette, etter næring. 1 kvartal 2004 og 2005
- Tabell 8 Opna konkursar i informasjonssektoren (IKT-sektoren og innhaldssektoren) omsetning og sysselsette, etter næring. 2003 og 2004
- Tabell 9 Opna konkursar, etter etableringsår og fylke. 1. kvartal 2004 og 2005
- Tabell 10 Opna konkursar, etter fylke og aksjekapital. 1. kvartal 2004 og 2005
- Tabell 11 Opna konkursar, etter fylke og organisasjonsform. 1. kvartal 2004 og 2005
- Tabell 12 Enkeltpersonsføretak inkludert personlege konkursar, etter kjønn og fylke. 1. kvartal 2005
- Tabell 13 Enkeltpersonføretak inkludert personlege konkursar, etter kjønn og næring. 1. kvartal 2005
Kontakt
-
Harald Fondevik
E-post: harald.fondevik@ssb.no
tlf.: 40 90 24 47