5558_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/arkiv
5558
Fortsatt nedgang i talet på konkursar
statistikk
2005-07-29T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
konkurs, Opna konkursar, næringsfordelte konkursar, omsetningsverdi, føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssalg, organisasjonsform, etableringsårKonkurser, Finansielle indikatorer , Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Opna konkursar2. kvartal 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fortsatt nedgang i talet på konkursar

Det vart opna 1 011 konkursar 2. kvartal 2005. Dette er ein nedgang på 7,5 prosent samanlikna med tilsvarande periode i 2004. Så langt i år har talet på konkursar gått ned med nærmare 9 prosent samanlikna med første halvår i fjor.

Størst nedgang i talet på konkursar 2. kvartal 2005 samanlikna med tilsvarande periode i 2004 finn vi i Buskerud. Her har talet på konkursar gått ned med 45 prosent. Buskerud står no for 3 prosent av konkursane i landet, mot 5 prosent i 2. kvartal 2004.

Den største auken i talet på konkursar har vore i Aust-Agder med 67 prosent. 23,5 prosent av konkursane i 2. kvartal 2005 finn vi i Oslo, følgt av Akershus med 14 prosent.

Talet på konkursar innanfor enkeltpersonføretak, inkludert personlege konkursar, har auka med 3 prosent samanlikna med 2. kvartal 2004. Talet på føretakskonkursar har derimot gått ned med 11 prosent.

Flest konkursar innanfor varehandel

27 prosent av konkursane i 2. kvartal 2005 finn vi innanfor varehandel, reparasjon av kjøretøy og hushaldsapparat. Konkursane innanfor denne næringsgruppa er 2 prosentpoeng høgare enn i tilsvarande periode i fjor. Eigedomsdrift, forretningsmessig tenesteyting og utleige står for 19 prosent, noko som tilsvarar ein auke i delen av konkursane på ca. 1 prosentpoeng i høve til 2. kvartal 2004.

Fleire konkursar i informasjonssektoren

IKT-sektoren og innhaldssektoren utgjer til saman informasjonssektoren. Samanliknar vi 2. kvartal 2004 og 2. kvartal 2005, så har talet på opna konkursar i informasjonssektoren gått opp med 3 prosent. Den største auken finn vi i innhaldssektoren, der talet på konkursar har auka med 33 prosent, mot ein nedgang på 7 prosent i IKT-sektoren.

Menn står for ni av ti konkursar innanfor enkeltpersonføretak

Av enkeltpersonføretak inkludert personlege konkursar, som utgjer 44 prosent av alle konkursane dette kvartalet, var 89 prosent av dei som gjekk konkurs menn og 11 prosent kvinner. I Telemark, Aust-Agder, Sogn og Fjordane og Sør-Trøndelag er det berre menn som har gått konkurs dette kvartalet. I Østfold og Hordaland er delen kvinner 5 prosent. Derimot er delen kvinner 20 prosent i Hedmark, Oppland og Møre og Romsdal.

Av alle enkeltpersonføretak 1. januar 2005 hadde eitt av fire kvinneleg innehavar. (Meir informasjon om bestandstala det vert referert til, sjå http://www.ssb.no/emner/10/01/ner/ .)

Meir i Statistikkbanken

Opna konkursar attende til 1999 er tilgjengelege i Statistikkbanken. Konkursar kan her fordelast etter næring, organisasjonsform, etableringsår, og storleik etter omsetning og talet på sysselsette. Også talet på sysselsette og omsetning totalt innanfor kvar næring er tilgjengeleg, men ikkje brote ned på meir detaljert nivå. Talet på konkursar er tilgjengeleg på fylkesnivå og nasjonalt nivå, medan omsetning og talet på sysselsette i siste driftsår berre er tilgjengeleg på nasjonalt nivå.

Tabeller: