Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgangen i talet på konkursar varer ved
I tredje kvartal i år vart det opna 769 konkursar. Dette er ein nedgang på heile 20 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor.
Det har vore ein jamn nedgang i talet på konkursar i nesten alle fylke. Vest-Agder hadde størst tilbakegang med 64 prosent færre konkursar samanlikna med tredje kvartal i fjor. I dei tre fylka Troms, Hordaland og Vestfold auka likevel talet på konkursar, men med 18 prosent eller mindre.
Av alle registrerte konkursar finn vi størstedelen - 21 prosent - i Oslo, følgt av Hordaland med nesten 10 prosent.
514 av dei totalt 769 konkursane er føretakskonkursar. Det er over 14 prosent færre føretak som vart slått konkurs samanlikna med tredje kvartal i fjor. Dei resterande 255 konkursane gjeld enkeltpersonføretak, inklusive personlege konkursar, og det var 30 prosent færre slike konkursar i tredje kvartal i år enn i tilsvarande periode i fjor.
Framleis flest konkursar innanfor varehandel
Nesten tre av ti konkursar finn vi innanfor varehandel og reparasjon av kjøretøy og hushaldsapparat. Talet på konkursar innanfor denne næringa er 4,5 prosentpoeng høgare enn i tredje kvartal i fjor.
IKT-sektoren og innhaldssektoren utgjer til saman informasjonssektoren. Totalt tal på opna konkursar i informasjonssektoren har, samanlikna med tredje kvartal 2004, gått ned med 5,5 prosent.
Menn går oftast konkurs
Menn sto bak 92 prosent av enkeltpersonføretaka som gjekk konkurs dette kvartalet. Talet omfattar også personlege konkursar. Størst er delen mannlege innehavarar som vart slått konkurs i Østfold, med 93 prosent. Det er særskilt innanfor byggje- og anleggsbransjen - ei tradisjonelt mannsdominert næring - at menn måtte gje opp verksemda si.
20 prosent av kvinnene som gjekk konkurs, finn vi i Hordaland. Av dei 20 konkursane kvinnene sto bak, er fire innanfor hotell- og restaurantverksemd og like mange innanfor næringa eigedomsdrift, utleige og forretningsmessig tenesteyting.
Meir i Statistikkbanken
Opna konkursar tilbake til 1999 er tilgjengelege i Statistikkbanken. Konkursar kan her fordelast etter næring, organisasjonsform, etableringsår, og storleik etter omsetning og talet på sysselsette. Også talet på sysselsette og omsetning totalt innanfor kvar næring er tilgjengeleg, men ikkje brote ned på meir detaljert nivå. I tillegg til tal konkursar på fylkesnivå og nasjonalt nivå, er no også tal på kommunenivå frå 1999 tilgjengeleg. Omsetning og tal sysselsette i siste driftsår er berre tilgjengeleg på nasjonalt nivå.
Tabeller:
- Tabell 1 Opna konkursar, etter kvartal og fylke. 2004-3. kvartal 2005
- Tabell 2 Opna konkursar, etter månad. 1997-2004 og 1.-3. kvartal 2005
- Tabell 3 Opna konkursar, etter næring. 3. kvartal. 2004 og 2005
- Tabell 4 Opna konkursar, omsetning og sysselsette, etter næring. 1.-3. kvartal. 2004 og 2005
- Tabell 5 Opna konkursar i varehandel, etter næring. 3. kvartal. 2004 og 2005
- Tabell 6 Opna konkursar i varehandel, omsetning og sysselsette, etter næring. 1.-3. kvartal. 2004 og 2005
- Tabell 7 Opna konkursar i informasjonssektoren (IKT-sektoren og innhaldssektoren), omsetning og sysselsette, etter næring. 3. kvartal. 2004 og 2005
- Tabell 8 Opna konkursar, etter etableringsår og fylke. 3. kvartal. 2004 og 2005
- Tabell 9 Opna konkursar, etter fylke og aksjekapital. 3. kvartal. 2004 og 2005
- Tabell 10 Opna konkursar, etter fylke og organisasjonsform. 3. kvartal. 2004 og 2005
- Tabell 11 Enkeltpersonføretak inkludert personlege konkursar, etter kjønn og fylke. 3. kvartal 2005
- Tabell 12 Enkeltpersonføretak inkludert personlege konkursar, etter kjønn og næring. 3. kvartal 2005
Kontakt
-
Harald Fondevik
E-post: harald.fondevik@ssb.no
tlf.: 40 90 24 47