5554_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/arkiv
5554
Stadig færre til skifteretten
statistikk
2006-01-27T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
konkurs, Opna konkursar, næringsfordelte konkursar, omsetningsverdi, føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssalg, organisasjonsform, etableringsårKonkurser, Finansielle indikatorer , Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Opna konkursar4. kvartal 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stadig færre til skifteretten

Det har vore ein jamn nedgang i talet på konkursar, og denne trenden held fram. I fjerde kvartal 2005 gjekk talet på konkursar ned med 30 prosent samanlikna med tilsvarande periode i 2004. Det totale talet på konkursar i 2005 var 18 prosent lågare enn i året før.

Det var totalt 3 540 konkursar i fjor. 2 158 av dei, altså to av tre, var føretakskonkursar, eksklusive enkeltpersonføretak. 35 prosent av føretakskonkursane finn vi innanfor agentur- og detaljhandel samt reparasjon av varer, som til dømes motorsyklar, sko og musikkinstrument. Halvparten av føretaka som gjekk konkurs i 2005, hadde drive verksemda si sidan 2000 eller før, medan 23 føretak, 1 prosent, vart både etablert og slått konkurs i 2005.

Dei resterande 1 382 konkursane er enkeltpersonføretak inklusive personlege konkursar. Nesten ein tredjedel av enkeltpersonføretaka som vart slått konkurs, finn vi innanfor byggje- og anleggsbransjen.

Flest konkursar i Oslo

I alle fylka gjekk talet på konkursar ned. Den største prosentvise nedgangen var i Nord-Trøndelag med 38 prosent færre konkursar i 2005, medan nedgangen i absolutte tal var størst i Oslo med 116. Hovudstaden ligg også på topp i talet på konkursar med nær ein av fem. Årsaka er at Oslo er det fylket med klart flest føretak, om lag 18 prosent, og dermed er talet på konkursar absolutt sett høgare der enn i resten av landet.

Få kvinner bak konkursar av enkeltpersonføretak

Kvinner sto bak 9 prosent av dei 1 382 konkursane av enkeltpersonføretak i 2005. Talet omfattar også personlege konkursar. Dei fleste enkeltpersonføretak, rundt 75 prosent, har likevel ein mannleg innehavar og desse sto bak ni av ti konkursar.

Nesten 30 prosent av dei mannlege innehavarane som vart slått konkurs, eigde eit enkeltpersonføretak innanfor byggje- og anleggsbransjen. Nesten kvar tredje kvinnelege innehavar som måtte gje opp verksemda si, var etablert innanfor forretningsmessig tenesteyting og då spesielt innanfor reingjering.

Også færre konkursar innanfor IKT

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi, dvs. industri, varehandel og konsulenttenester knytt til IKT, og innhaldssektoren, til dømes forlag, radio og fjernsyn, utgjer til saman informasjonssektoren. Også i desse næringane er det færre konkursar. I 2005 låg nedgangen samanlikna med 2004 på 10 prosent.

Tabeller: