5546_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/arkiv
5546
Talet på konkursar aukar igjen
statistikk
2007-01-26T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
konkurs, Opna konkursar, næringsfordelte konkursar, omsetningsverdi, føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssalg, organisasjonsform, etableringsårKonkurser, Finansielle indikatorer , Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Opna konkursar4. kvartal 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Talet på konkursar aukar igjen

Etter ein jamn nedgang i talet på konkursar dei siste tre åra vart det i fjerde kvartal i fjor registrert ein auke på 18,5 prosent samanlikna med same kvartal i 2005. Trass i denne veksten var det totale talet på konkursar for heile 2006 14 prosent lågare enn i året før.

Totalt vart det registrert 3 032 konkursar i fjor. Ein tredjedel av dei finn vi i Oslo og Akershus, der også om lag 30 prosent av alle norske føretak er lokalisert. I nesten alle fylka gjekk talet på konkursar ned. Den største prosentvise nedgangen var i Nordland med 29 prosent færre konkursar i 2006, medan nedgangen i absolutte tal var størst i Oslo med 137 færre konkursar.

Færre konkursar i 2006 totalt

To av tre konkursar var såkalla føretakskonkursar som omfattar alle føretak unntatt enkeltpersonføretak. I fjor var det nesten 10 prosent færre føretakskonkursar enn i 2005. Ein av tre føretakskonkursar finn vi innanfor varehandel.

Dei resterande 1 080 konkursane gjaldt enkeltpersonføretak som også inkluderer personlege konkursar. Nedgangen låg på 22 prosent samanlikna med 2005. Ein tredjedel av enkeltpersonføretaka som gjekk konkurs i fjor, dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd.

men auke i fjerde kvartal

I fjerde kvartal i fjor vart det opna 788 konkursar. Dette er ein auke på 18,5 prosent samanlikna med same periode året før.

Tabeller: