Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Svak auke i talet på konkursar
Som i fjerde kvartal i fjor auka talet på konkursar i årets første tre månader. Auken var likevel svak og låg på 4,3 prosent samanlikna med første kvartal 2006.
Totalt vart det registrert 881 konkursar i første kvartal i år. Samanlikna med første kvartal i fjor er auken størst i Akershus der talet på konkursar gjekk opp frå 81 til 132, ein vekst på 63 prosent. Hedmark, Oppland og Telemark hadde størst nedgang i talet på konkursar.
543 av konkursane er føretakskonkursar som omfattar alle føretak unnateke enkeltpersonføretak. Ein av tre føretakskonkursar er innanfor varehandel. Eigedomsdrift og forretningsmessig tenesteyting står for ein av fem føretakskonkursar. I denne næringa var det 50 prosent fleire føretakskonkursar samanlikna med første kvartal i fjor.
Dei resterande 338 konkursane er enkeltpersonføretak som òg omfattar personlege konkursar. Her er veksten størst innanfor byggje- og anleggsverksemd med 20 prosent fleire konkursar enn i same kvartal i fjor.
Fleire norske avdelingar av utanlandske føretak gjekk konkurs
Ni av ti føretak som går konkurs, er anten aksjeselskap eller enkeltpersonføretak (som òg omfattar personlege konkursar). Nesten 7 prosent av alle konkursane er norske avdelingar av utanlandske føretak (NUF). Talet på konkursar innanfor denne organisasjonsforma auka frå 23 i første kvartal i fjor til 60 i same periode i år. Ei forklaring på den store auken kan vere den sterke veksten i talet på nye føretak med denne organisasjonsforma.
Tabeller:
- Tabell 1 Opna konkursar, etter kvartal og fylke. 2006-1.kvartal 2007
- Tabell 2 Opna konkursar, etter månad. 1999-2006 og 1. kvartal 2007
- Tabell 3 Opna konkursar, etter næring. 1. kvartal 2006 og 2007
- Tabell 4 Opna konkursar, omsetning og sysselsette, etter næring. 1. kvartal 2006 og 2007
- Tabell 5 Opna konkursar i varehandel, etter næring. 1. kvartal 2006 og 2007
- Tabell 6 Opna konkursar i varehandel, omsetning og sysselsette, etter næring. 1. kvartal 2006 og 2007
- Tabell 7 Opna konkursar i informasjonssektoren (IKT-sektoren og innhaldssektoren), omsetning og sysselsette, etter næring. 1. kvartal 2006 og 2007
- Tabell 8 Føretakskonkursar ekskl. enkeltpersonføretak, etter etableringsår og fylke. 1. kvartal 2006 og 2007
- Tabell 9 Opna konkursar (AS og ASA), etter fylke og aksjekapital (i kr). 1. kvartal 2006 og 2007
- Tabell 10 Opna konkursar, etter fylke og organisasjonsform. 1. kvartal 2006 og 2007
- Tabell 11 Enkeltpersonføretak inkl. personlege konkursar, etter fylke og innehavarens kjønn. 1. kvartal 2006 og 2007
- Tabell 12 Enkeltpersonføretak inkl. personlege konkursar, etter næring og innehavarens kjønn. 1. kvartal 2006 og 2007
Kontakt
-
Harald Fondevik
E-post: harald.fondevik@ssb.no
tlf.: 40 90 24 47