5540_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/arkiv
5540
Rekordlågt konkurstal
statistikk
2007-10-26T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
konkurs, Opna konkursar, næringsfordelte konkursar, omsetningsverdi, føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssalg, organisasjonsform, etableringsårKonkurser, Finansielle indikatorer , Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Opna konkursar3. kvartal 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Rekordlågt konkurstal

Det vart opna 583 konkursar i tredje kvartal, det lågaste talet på 14 år. Samanlikna med den same perioden i 2006 er nedgangen på 18 prosent.

Den største prosentvise nedgangen var i fylka Møre og Romsdal, Rogaland og Akershus som hadde mellom 55 og 44 prosent færre konkursar enn i tredje kvartal 2006. Møre og Romsdal har òg den største absolutte nedgangen med 22 færre konkursar.

I Oslo, Buskerud, Aust-Agder, Vest-Agder og Sør-Trøndelag gjekk talet på konkursar opp. Størst vekst var det i Oslo, der det vart opna 12 fleire konkursar, eller 8 prosent, fleire enn i tredje kvartal i fjor.

385 av konkursane er føretakskonkursar som ikkje omfattar enkeltpersonføretak. Ein av tre føretakskonkursar er innanfor varehandel. Dei resterande 198 konkursane omfattar enkeltpersonføretak og personlege konkursar. Av dei er ein av tre innanfor byggje- og anleggsverksemd. Totalt i denne næringa gjekk talet på konkursar ned med 18,5 prosent samanlikna med det same kvartalet i 2006.

Uendra innanfor informasjonssektoren

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) (det vil seie verksemder innanfor industri, varehandel og konsulenttenester knytte til IKT) og innhaldssektoren (mellom anna forlag, radio og fjernsyn), utgjer til saman informasjonssektoren. Både i tredje kvartal 2007 og tredje kvartal 2006 var det i alt 44 konkursar innanfor desse næringane. Talet på personar som var sysselsette i dei IKT-føretaka som gjekk konkurs, gjekk derimot ned frå 75 i tredje kvartal 2006 til 35 i den same perioden i år.

Tabeller: