Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgangen i tal på konkursar held fram
I siste kvartal i 2007 vart det opna 690 konkursar. Dette er ein nedgang på 12,4 prosent samanlikna med den same perioden året før. I heile 2007 vart det registrert 6 prosent færre konkursopningar enn i 2006.
Totalt vart det registrert 2 845 konkursar i fjor. Den største prosentvise nedgangen finn vi i Vest-Agder med nesten 40 prosent færre konkursar i 2007. Nedgangen i absolutte tal var størst i Rogaland med 60 færre konkursar.
Drygt to av tre konkursar var såkalla føretakskonkursar som omfattar alle føretak unntatt enkeltpersonføretak. I fjor var det 5,5 prosent færre føretakskonkursar enn i 2006. Ein av tre føretakskonkursar finn vi innanfor varehandel. 30 prosent av føretaka som gjekk konkurs i 2007, hadde drive verksemda si sidan 2000 eller før, medan 22 føretak, 1,2 prosent, vart både etablert og slått konkurs i 2007.
Dei resterande 1 001 konkursane gjaldt enkeltpersonføretak som også inkluderer personlege konkursar. Nedgangen låg på 7 prosent samanlikna med 2006. Ein tredjedel av enkeltpersonføretaka som gjekk konkurs i fjor, dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd.
Auke i konkursar av norske avdelingar av utanlandske føretak
Ni av ti føretak som gjekk konkurs i 2007, er anten aksjeselskap eller enkeltpersonføretak (som òg omfattar personlege konkursar). 7,4 prosent av alle konkursane i fjor var norske avdelingar av utanlandske føretak (NUF). Talet på konkursar innanfor denne organisasjonsforma auka frå 117 i 2006 til 211 i fjor.
Tabeller:
- Tabell 1 Opna konkursar, etter kvartal og fylke. 2006 og 2007
- Tabell 2 Opna konkursar, etter månad. 1999-2007
- Tabell 3 Opna konkursar, etter næring. 4. kvartal 2006 og 2007
- Tabell 4 Opna konkursar, omsetning og sysselsette, etter næring. 2006 og 2007
- Tabell 5 Opna konkursar i varehandel, etter næring. 4. kvartal 2006 og 2007
- Tabell 6 Opna konkursar i varehandel, omsetning og sysselsette, etter næring. 1.-4. kvartal 2006 og 2007
- Tabell 7 Opna konkursar i informasjonssektoren (IKT-sektoren og innhaldssektoren), omsetning og sysselsette, etter næring. 4. kvartal 2006 og 2007
- Tabell 8 Opna konkursar i informasjonssektoren (IKT-sektoren og innhaldssektoren), omsetning og sysselsette, etter næring. 2006 og 2007.
- Tabell 9 Føretakskonkursar ekskl. enkeltpersonføretak, etter etableringsår og fylke. 4. kvartal 2006 og 2007
- Tabell 10 Opna konkursar (AS og ASA), etter fylke og aksjekapital (i kroner). 4. kvartal 2006 og 2007
- Tabell 11 Opna konkursar, etter fylke og organisasjonsform. 4. kvartal 2006 og 2007
- Tabell 12 Enkeltpersonføretak inkl. personlege konkursar, etter fylke og innehavarens kjønn. 4. kvartal 2006 og 2007
- Tabell 13 Enkeltpersonføretak inkl. personlege konkursar, etter næring og innehavarens kjønn. 4. kvartal 2006 og 2007
Kontakt
-
Harald Fondevik
E-post: harald.fondevik@ssb.no
tlf.: 40 90 24 47