Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Framleis nedgang i talet på konkursar
I første kvartal i år vart det opna 753 konkursar. Dette er ein nedgang på 14 prosent samanlikna med den same perioden i fjor.
Den største prosentvise nedgangen finn vi i Nord-Trøndelag med 77 prosent færre konkursar, fulgt av Finnmark (53 prosent) og Akershus (44 prosent). Akershus er fylket med den største nedgangen med 58 færre konkursar i absolutte tal. I Vest-Agder finn vi den største prosentvise auken. Her var det dobbelt så mange konkursar i første kvartal i år som i første kvartal i fjor.
547 av de 753 konkursane er såkalla føretakskonkursar som omfattar alle føretak unnateke enkeltpersonføretak. Ni av ti føretakskonkursar er aksjeselskap. Ein fjerdedel av føretaka som gjekk konkurs i første kvartal i år, vart etablert i 2006 eller 2007.
Flest konkursar innanfor varehandel og bygg og anlegg
Ein av tre føretakskonkursar var innanfor varehandel og ein av fire innanfor eigedomsdrift, forretningsmessig tenesteyting og utleige. Dette er uendra samanlikna med første kvartal i fjor. Byggje- og anleggsverksemnd stod for 18 prosent av føretakskonkursane. Talet på konkursar i denne næringa auka med 29 prosent samanlikna med første kvartal i fjor.
Dei resterande 206 konkursane omfattar enkeltpersonføretak og personlege konkursar. 35 prosent av dei dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemnd.
Talet på norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) som gjekk konkurs i første kvartal i år, er på same nivå som i tilsvarande periode i fjor. Totalt var 7,7 prosent av alle konkursane i første kvartal i år NUF.
Færre konkursar innanfor IKT
Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT), det vil seie verksemder innanfor industri, varehandel og konsulenttenester knytte til IKT, og innhaldssektoren (mellom anna forlag, radio og fjernsyn) utgjer til saman informasjonssektoren. I første kvartal i år vart det opna 41 konkursar innanfor IKT, 19 prosent færre enn i same periode i fjor. Talet på personar som var sysselsette i IKT-føretaka som gjekk konkurs, gjekk ned med 35 prosent.
Tabeller:
- Tabell 1 Opna konkursar, etter kvartal og fylke. 2007-1. kvartal 2008
- Tabell 2 Opna konkursar, etter månad. 2000-2007 og 1. kvartal 2008
- Tabell 3 Opna konkursar, etter næring. 1. kvartal 2007 og 2008
- Tabell 4 Opna konkursar, omsetning og sysselsette, etter næring. 1. kvartal 2007 og 2008
- Tabell 5 Opna konkursar i varehandel, etter næring. 1. kvartal 2007 og 2008
- Tabell 6 Opna konkursar i varehandel, omsetning og sysselsette, etter næring. 1. kvartal 2007 og 2008
- Tabell 7 Opna konkursar i informasjonssektoren (IKT-sektoren og innhaldssektoren), omsetning og sysselsette, etter næring. 1. kvartal 2007 og 2008
- Tabell 8 Føretakskonkursar ekskl. enkeltpersonføretak, etter etableringsår og fylke. 1. kvartal 2007 og 2008
- Tabell 9 Opna konkursar (AS og ASA), etter fylke og aksjekapital (i kroner). 1. kvartal 2007 og 2008
- Tabell 10 Opna konkursar, etter fylke og organisasjonsform. 1. kvartal 2007 og 2008
- Tabell 11 Enkeltpersonføretak inkl. personlege konkursar, etter fylke og innehavarens kjønn. 1. kvartal 2007 og 2008
- Tabell 12 Enkeltpersonføretak inkl. personlege konkursar, etter næring og innehavarens kjønn. 1. kvartal 2007 og 2008
Kontakt
-
Harald Fondevik
E-post: harald.fondevik@ssb.no
tlf.: 40 90 24 47